Olav Klasson Vefald, distriktssjef i lastebileigarforbundet i Telemark, meiner mange ulykker kunne vore unngått på strekninga om europavegen hadde vore skikkeleg vedlikehalden.
Olav Klasson Vefald, distriktssjef i lastebileigarforbundet i Telemark, meiner mange ulykker kunne vore unngått på strekninga om europavegen hadde vore skikkeleg vedlikehalden.

Vegvesenet meldt til politiet

Lastebileigarforbundet i Telemark har politimeldt Vegvesenet for tenesteforsøming på E 134 frå Seljord til Hordaland grense. Det blir reagert på farlege køyreforhold grunna manglande brøyting og strøing på strekninga. – Omsynet til liv og helse har blitt sett til side eller er oversett heilt av ansvarlege vegstyresmakter. I desperasjon gjer me eit så historisk steg som å politimelde Vegvesenet, seier Olav Klasson Vefald, distriktssjef i lastebileigarforbundet i Telemark.

Olav Klasson Vefald, distriktssjef i lastebileigarforbundet i Telemark, har fått mange tilbakemeldingar frå medlemmer om at strekninga på E 134 generelt har hatt dårleg brøyting og strøing denne vinteren.

– Det har aldri vore så dårleg vedlikehald som nå. Men det har i periodar vore dårleg før om åra også. Dei som har vedlikehaldet på E 134 har tradisjon for å vere seint ute, seier Vefald.

Artikkelen held fram under annonsen.

Sist torsdag ettermiddag toppa problemet seg på strekninga Seljord-Haukeli.

– Alle visste at det ville bli glatte vegar. Likevel skjedde det ingen ting. Vaktsentralen fekk meldingar om speglblank veg, men dei fyrste fem timane blei det ikkje strødd i det heile. Då rann det over for oss. Me fekk mange klager frå medlemmene og måtte gjere noko. Fredag melde me Statens Vegvesen i Øvre Telemark til politiet for tenesteforsøming, fortel Vefald.

– Ikkje forstått jobben sin

Han meiner dette er fyrste gong i Noreg at nokon har gått til det uvanlege steget å melde vegvedlikehaldsansvarlege til politiet.

– Men me gjer eit så drastisk steg i desperasjon. Me må få Vegvesenet til å innsjå alvoret i klagene. Det er ikkje noko gale med reglane for å rykkje ut og gjere vedlikehaldet. Reglane blei faktisk skjerpa sist haust, men det må vere somme ansvarlege som ikkje har fått det med seg. Dei som har brøytinga og strøinga har ikkje forstått at dei har ein jobb å gjere. Og ingen over dei vaknar heller, seier Vefald.

Han føler den omtala strekninga har hatt fleire kollisjonar, utforkøyringar og fastkøyringar enn vanleg denne vinteren.

– Det har vore for mange kollisjonar, og mange av dei kunne vore unngått ved skikkeleg vedlikehald. Sjølv om køyretøya er godt skodde, hjelper det ikkje alltid. Det er feil fokus når transportørane får skulda, når det i mange tilfelle er dårleg vedlikehald av vegen som er årsaka til problema. Det blir gale når ein sparar på vintervedlikehaldet og ser det som ei utgift. Ein bør heller sjå det som ei investering i nødvendig samfunnsvedlikehald. Transportørane er ikkje på vegen for moroskuld. Ofte har dei nødvendige varer som må fram, minner Vefald om.

Kan bli erstatningssak

Nå har han fått nok av farlege køyreforhold for yrkestransportørar, privatbilistar og utrykkingskøyretøy.

– Omsynet til liv og helse har blitt sett til side eller er oversett heilt av ansvarlege vegstyresmakter. Då me melde Vegvesenet til politiet, fann dei saka så uvanleg at dei lurte på korleis dei skulle handtere henne. Men politiet har tatt saka alvorleg, fortel Vefald.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han håpar utfallet av saka blir at Vegvesenet vedkjenner at dei ikkje har følgd opp eigne reglar og at det blir slutt på det dårlege vedlikehaldet.

Med dagens lovverk trur Vefald det er vanskeleg å få Vegvesenet til å erstatte meirutgiftene transportørane har som fylgje av problemet.

– Men kanskje går me så langt at me likevel vil prøve erstatningssak for retten, avsluttar Vefald.

– Aldri vore så dårleg vedlikehald

Også frå Fyresdal blir det klaga på dårleg vintervedlikehald. Førre tysdag ettermiddag var Tore Metveit ute og køyrde ein tur. Etter omslag til mildvêr ringde han vaktsentralen og melde frå om ein glatt riksveg 355 gjennom Fyresdal sentrum. Fire timar seinare hadde ingenting skjedd, og han ringde igjen. Vaktsentralen gav same svar som sist at dei skulle varsle strøbilen. Ved midnatt var situasjonen likedan.

– Då ringde ein bilist frå Våmur til vaktsentralen og sa han ikkje torde køyre lenger på glatta. Han fekk same svaret som meg at dei skulle seie frå til strøbilen. Sentralen blei varsla for fjerde gong klokka 03.00 på natta. Bilisten fekk same svaret som sist. Fyrst to timar seinare såg han blinklampa til strøbilen, og den var ikkje sendt ut av vaktsentralen, fortel Metveit.

Bilisten på Våmur måtte vente i fem timar, og riksvegen var såpeglatt i mange fleire timar enn det totalt sett.

– Det er heilt borti natta. Eg trur ikkje eg hadde køyrd over Våmur med brannbilen på det føret om me hadde måtta rykkje ut. Når det er så glatt er det farleg for både utrykkingsmannskapet og dei som ikkje ville fått den hjelpa dei har behov for om det skjedde noko, seier Metveit, som er varabrannsjef i Fyresdal.

Oppmodar om å klage

Han meiner riksveg 355 generelt har hatt eit mykje dårlegare vintervedlikehald denne vinteren enn tidlegare. Det er Trafikk og Anlegg som er ansvarleg for arbeidsoppgåva, etter å ha vunne anbodsrunden mot Mesta i fjor.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Vedlikehaldet har aldri vore så dårleg som no. Vegskrapa har omtrent ikkje vist seg i Fyresdal i vinter. Det var betre vedlikehald då Mesta hadde jobben, påstår Metveit.

Han meiner folk må bli flinkare til å klage på dårleg brøyta eller strødde vegar.

– Så får dei i andre enden heller bli sure. Vegvedlikehaldet er for dårleg og det må det gjerast noko med, avsluttar Metveit.

Det var ikkje mogleg å få kommentar frå Trafikk og Anlegg i går før avisa gjekk i trykken, sidan firmaet var oppteken med anbodsrunde.

Tek meldinga alvorleg

– Me tek meldinga alvorleg. Me sjekkar alle faktiske forhold og vil gå gjennom eigne rutinar for å sjå om noko har svikta. Det er to timars utrykkingstid på strøing av europavegen, fortel fungerande vegsjef Torbjørn Haglund, som aldri før har opplevd at Vegvesenet blir meld for dårleg vegvedlikehald.

Politiinspektør Arne Martin Prestrud på Notodden har fått oversendt saka frå kollegaene i Seljord. Prestrud skal vurdere om det er grunnlag for meldinga og om han skal kalle folk inn til avhøyr i saka.

– Eg vil ikkje seie enno om det har skjedd noko straffbart. Eg må ha litt meir tid på meg, seier politiinspektøren til VTB.