Vegvesenet vil fjerne «fotoboks»
Statens vegvesen synest ikkje noko om at det er sett opp ein kopi av ein fotoboks i 60-sona på E134 i Brunkeberg.
Ein tipsar har meldt om trafikkfarlege situasjonar i 60-sona i Brunkeberg. På høgre side av vegen når ein har passert kyrkja retning Morgedal, står det som ser ut som ein fotoboks.
– Det heldt på å gå gale. Fleire av bilistane heiv seg på bremsene då dei såg «fotoboksen», seier ein VTB-tipsar.
Artikkelen held fram under annonsen.
Statens vegvesen kjente ikkje til «fotoboksen» då VTB tok kontakt. Seksjonsleiar Eivind Gurholt seier dei ikkje bryr seg stort om refleksvestar i vegkanten, men meiner ein «fotoboksen» er for drygt, og at det kan skape trafikkfarlege situasjonar.
– Denne har ikkje me sett opp, og me kjem nok til å ta han ned, seier Gurholt.
– Eg kan skjønne at folk reagerer på at det blir køyrt for fort i 60-sona, men då er det ei politisak, og dei må ta kontakt med UP eller lensmannskontoret, legg han til.