Veit ikkje kva hausten vil bringe
Vinje Industri har vakse seg store innan service og vedlikehald i oljebransjen. Dei er spente på framtida, men er optimistar.
Nedgangen i oljebransjen på grunn av lågare oljepris rammar næringa og støttenæringane hardt. I fylgje DNB Markets har 22 000 oljejobbar forsvunne som fylgje av nedskjeringane i bransjen. SSB trur 30 000 jobbar blir borte før kutta er ferdige.
Også Vinje Industri kjenner ringverknadene av lågare oljepris. Dei har arbeid no, men er usikre på kva hausten vil bringe. Likevel har dei førebels bra med jobbar og mange folk i arbeid. Selskapet har 157 tilsette, som er vant til å snu på hælen når det dukkar opp eit nytt oppdrag. Slik er det å vera eit service-selskap der bestillingane kjem på kort varsel. Det er noko av det som har gjort at firmaet har vakse seg stort sidan starten i 2000 – at dei har kunna tatt på seg jobbar og sendt folk og utstyr raskt når det er behov. Og at dei har eit godt rykte.
Artikkelen held fram under annonsen.
Les også: Bård mista oljejobben
– Hektiske dagar
Per Fagerli er HMS- og kvalitetssjef i firmaet, og arbeider tett med dagleg leiar Jostein Hauge frå Vinje. Han fortel om hektiske dagar, og at dei arbeider hardt for å sikre nye oppdrag heile tida.
– Me håpar å unngå oppseiingar, men ein veit aldri, seier Fagerli.
– Me merkar nedgangen, og gjer alt me kan. Me har kjempa i 15 år, så me skal berre kjempe vidare. Me fylgjer bylgjedalane i sektoren – men har vore både heldige og dyktige, legg han til.
I desember i fjor varsla dei oppseiingar for 22 av dei tilsette, men då kom det inn nye oppdrag slik at ingen måtte gå.
I heile år har det vore stor aktivitet, og dei har til kvar tid mellom 15 og 17 lærlingar frå Vest-Telemark vidaregåande i sving.
Etablert eige kontor i Vinje
Vinje Industri har hovudkvarter i Kristiansand, men kjøpte for eit års tid sidan det gamle lensmannskontoret i Åmot for å ha som Vinje-avdeling. Aslak Lofthus er ein av ingeniørane ved Vinje-kontoret. Han er ikkje uroa for framtida.
– For Vinje Industri skjer det ting over heile verda no. I det siste har me hatt folk i Bahamas og Singapore, mellom anna. På grunn av det ser eg nokonlunde positivt på framtida, seier Lofthus.
Artikkelen held fram under annonsen.
Han fortel at selskapet er den føretrekte leverandøren hos fleire aktørar.
– Leiinga har jobba knallhardt sjølve og fått med seg god kompetanse. Me har eit godt rykte fordi me arbeider hardt og er flinke til å ordne ting fort, seier Lofthus.
Ikkje det mest familievenlege
På mange måtar er det meir krevjande å arbeide i Vinje Industri enn å vera i fast rotasjon ute på Nordsjøen. Tidvis kort varsel om når ein må ut og uvisse om kor lenge oppdraga varer gjer at det ikkje er den mest familievenlege jobben ein kan ha.
– Ein må like å farte rundt og få nye utfordringar for å trivast i jobben, seier Lofthus.
Mange av dei som har blitt freista av fast turnus og gode friordningar i andre selskap kjem no tilbake til Vinje industri, etter å ha blitt sagt opp i den nye jobben.
– Me har hatt ganske stor lekkasje av flinke folk ei beite, og no vil mange av dei tilbake hit, seier Lofthus.
Kenneth Ringhus har vore tilsett i Vinje Industri i mange år. Når VTB er innom er han i ferd med å planlegge ein jobb i Nederland, og tek i desse dagar med seg ein arbeidsgjeng nedover. Han seier det har vore lite snakk om nedbemanning og usikre tider.
– Det er ikkje mange som snakkar om at dei er redde for jobbane sine. Det har vore stor aktivitet til no i år, seier Ringhus.
Artikkelen held fram under annonsen.
Vinje Industri A/S
Etablert av Jostein Hauge frå Vinje i 2000. Har no over 150 fast tilsette. Omsetninga i 2013 var 320 millionar kroner.
Har mekanisk og hydraulisk montasje og vedlikehald som område. Leiger ut personell og operatørar innanfor alle mekaniske fag. Har også ein av Noregs største utleigeparkar av rør, verktøy, utstyr og hydraulisk monteringsverktøy.
Hovudkontor i Kristiansand, og avdelingar i Vinje, Stavanger og Florø.
Kjelde: vinjeindustri.no