Vel blast!

Korpsmusikantar frå heile Vest-Telemark samla seg laurdag i Seljord på årets store stemne.

Party:På avslutningskonserten imponerte trommisane med ein «drumbattle» på scenen med berre kroppen som rytmeboks på Vest-Telemarkstemnet laurdag. (Alle foto: Inge Nilsen)

Unge musikantar:Juniorkorpset spela melodiar frå filmane Olsenbanden og Knerten.

Artikkelen held fram under annonsen.

Storkorps:Hovudkorpset på Vest-Telemarkstemnet spela både marsjar og storband under leiing av dagens dirigent Torild Hafskjold.

Ein kan trygt kalle Vest-Telemarkstemnet for ein tradisjon, for i femti år har unge og litt eldre korpsmusikantar møtt opp ein dag i året for å spela musikk og ha det triveleg saman.

Det er korpsa sjølve som på omgang arrangerer stemnet og laurdag var det Seljord skulemusikk som inviterte inn korpsdagen på Granvin kulturhus. Klokka ti om morgonen var det yrande liv i gangane med 140 musikkglade vesttelar på veg inn i øvingslokala saman med mengder av notar, notestativ, instrument, uniformer og medaljar.

På avslutningskonserten imponerte trommisane med ein «drumbattle» på scenen med berre kroppen som rytmeboks på Vest-Telemarkstemnet laurdag. (Alle
På avslutningskonserten imponerte trommisane med ein «drumbattle» på scenen med berre kroppen som rytmeboks på Vest-Telemarkstemnet laurdag. (Alle
Juniorkorpset spela melodiar frå filmane Olsenbanden og Knerten.
Juniorkorpset spela melodiar frå filmane Olsenbanden og Knerten.
Hovudkorpset på Vest-Telemarkstemnet spela både marsjar og storband under leiing av dagens dirigent Torild Hafskjold.
Hovudkorpset på Vest-Telemarkstemnet spela både marsjar og storband under leiing av dagens dirigent Torild Hafskjold.

Musikantane blei delte opp i tre grupper etter kor lenge dei hadde spela, aspirantar, juniorar og hovudkorps, saman med ei eiga trommegruppe. Alle fekk utdela noter og musikkstykke tilpassa nivået. Så var det intensiv øving utover dagen saman med dirigentane. Det sosiale blei også teke vare på med matpause og litt fritid innimellom. Dagen blei avslutta med flott konsert i salen på Granvin.

Deltakarane på stemnet var frå Fyresdal musikkorps, Flatdal skulekorps, Rauland musikkorps, Haukeli/Edland musikkorps, Kviteseid hornmusikk, Hjartdal musikkorps, Høydalsmo/Lårdal skulekorps og Seljord skulemusikk.

Neste års arrangør er Flatdal skulekorps.