Tone B. Heddeslid som driv Spitet garn & kaffebar sender quizpengar til velgjerande lag og foreiningar sentralt og lokalt.
Tone B. Heddeslid som driv Spitet garn & kaffebar sender quizpengar til velgjerande lag og foreiningar sentralt og lokalt.

Velgjerande spørjepengar

Pengane ein betaler for å vere med på quiz på Spitet garn & kaffebar på Dalen, sender innehavar Tone B. Heddeslid til velgjerande organisasjonar sentralt og lokalt.

I to år har Tone B. Heddeslid arrangert quiz. Deltakarane betaler for å vere med på spørjekonkurransane, slik det er vanleg. I motsetning til dei fleste arrangørane beheld ikkje Heddeslid og Spitet pengane sjølve.

– Me tener pengar på å selje mat og drikke på quizane. Då fann eg ut at deltakaravgifta kunne gå til gode føremål. I løpet av dei to åra eg har halde på med quiz, har det nok blitt rundt 20 000 kroner som har kome forskjellige organisasjonar til gode, opplyser Heddeslid.

Artikkelen held fram under annonsen.

Satsar på barn og unge

Kirkens Nødhjelp og Leger utan grenser er berre to av mottakarane. I det siste har Heddeslid opna for å gje pengar til lokale lag og foreiningar.

– Eg har nok sendt mellom 12 og 13 000 kroner til Kirkens Nødhjelp. Det plar eg gjere like før jol. No er også lokale lag som har med barn og unge å gjere fått pengar. Dalen ungdomsklubb, Skafså motorsportsklubb og Tokke musikkorps er nokon, seier ho.

Heddeslid ynskjer framlegg på gode kandidatar, og ho ser helst at dei sender ein søknad som seier noko om kva dei driv med.

– Det er mange små lag og foreiningar som gjer ein god jobb utan særlege økonomiske midlar. Om eg kan bidra til å lette arbeidet, er det flott, avsluttar bidragsytaren.