Vende Mæland ryggen
John Kleivstaul (Sp) tek over ordførarklubba i Seljord, fire år etter at han overlét klubba til Edvard Mæland. Sp valde å gå frå det borgarlege samarbeidet til Ap og SV for å få ordføraren i kommunen. Det var eit tilbod ingen parti kan takke nei til, seier Kleivstaul. Avtroppande ordførar Edvard Mæland er skuffa over at Sp bryt ut av samarbeidskonstellasjonen som har styrt dei tri siste periodane. Me fekk garantiar frå Sp at dei ikkje skulle binde seg til andre før dei snakka med oss. Den avtala braut dei, meiner Mæland.
Eg er overraska over det som har skjedd etter valet. Me fekk garantiar frå Sp at dei ikkje skulle binde seg til andre parti før den borgarlege konstellasjonen hadde sett seg ned til forhandlingar. Då me kom så langt hadde dei alt bunde seg til samarbeid med Ap og SV, seier Mæland.
Han er skuffa over Sp etter at den borgarlege konstellasjonen med H, Sp, KrF og V, som har hatt fleirtal dei tri siste periodane, no er sett til side. Men Mæland innser at det er slik ein må rekne med i politikken.
Artikkelen held fram under annonsen.
Tilbod morgonen etter valet
Komande ordførar John Kleivstaul vedkjenner at partiet ikkje kunne seie nei då partiet fekk tilbod om ordførarstillinga.
Då var det ikkje noko å forhandle om med dei borgarlege partia. Me fekk tilbod om ordførarstillinga frå Ap og SV alt morgonen etter valet. Det er eit tilbod ingen parti kan takke nei til, seier Kleivstaul om kvifor han valde den sosialistiske sida.
Forhandlingar med dei borgarlege partia ville bare vore tidtrøyte, legg han til.
Sp, Ap og SV har blitt einige om ei politisk plattform som mellom anna inneber at det ikkje blir eigedomsskatt og utbyttepolitikk frå Vest-Telemark Kraftlag som sikrar låge prisar. Kleivstaul blir ordførar og Halfdan Haugan (Ap) blir varaordførar. SV får leiaren i planutvalet i konstellasjonen som har 13 av dei 25 mandata i kommunestyret.
Kleivstaul er tilbake i ordførarstolen han steig ut av for fire år sidan, då han bytte plass og overlét klubba til Edvard Mæland. Den avtroppande ordføraren meiner det største partiet burde ha ordføraren.
No er det to parti i kommunen som er like store. Då er det naturleg at ordføraren kjem frå Høgre eller Arbeidarpartiet som båe har seks mandat, seier Mæland.
I 1995 kom Sp inn med ni mandat og H med fire. Då erkjente me at dei var størst og burde ha ordføraren. Eg hadde forventa litt av det same frå Sp når Høgre er størst, seier Mæland.
Politisk plattform
Politiske verv er ein ting. Me såg kva moglegheiter me hadde og med stor semje om den politiske plattforma er dette ei god løysing, seier komande varaordførar Haugan.
Artikkelen held fram under annonsen.
Edvard Mæland kallar Sp politiske kastratar som hoppar dit dei får dei største fordelane.
Dei tek ikkje omsyn til valresultatet, meiner Mæland.
Etter fire år som varaordførar og fire år som ordførar sit han for fyrste gong i opposisjon i kommunestyret.
Me kjem til å operere som eit sjølvstendig parti. Det vil ikkje vera naturleg med ein konstellasjon i opposisjon sidan denne same kva ikkje får fleirtal. Me kjem til å setje sak framfor parti, men det er klart det er mest naturleg å samarbeide ein del med KrF og Venstre som me har gjort dei siste periodane, forklarar Mæland.
Det nye kommunestyret blir konstituert 16. oktober.
Opnar for direkteval på ordførar
Avtroppande ordførar Edvard Mæland (H) fekk 99 personlege røyster og slengarar ved kommunevalet i Seljord. Det var det ingen som kunne måle seg med. John Kleivstaul (Sp) fekk halvparten så mange personlege røyster og slengarar. Likevel var det listetoppen til Senterpartiet som fekk ordførarposisjonen etter at partiet gjekk inn i samarbeid med SV og Ap. No opnar fleire lokalpolitikarar for direkteval på ordførar.
Eg ser fleire fordelar med ei slik ordning. Fyrst og fremst får veljarane den dei røyster på. Tidlegare har eg vore negativ til ei slik ordning, men etter dette valet har eg blitt meir tilhengar av direkteval, seier Edvard Mæland.
Men det er sjølvsagt eit negativt aspekt at ein ikkje veit om ein har fleirtal bak seg, legg han til.
Artikkelen held fram under annonsen.
Frustrert
Han har fått mykje tilbakemeldingar frå oppgjevne veljarar etter valet.
Folk er frustrert og ser ikkje den store vitsen med å røyste så lenge resultatet blir overstyrt i ettertid. Held det fram med slik hestehandel som det har vore, vil valdeltakinga minke endå meir, trur Mæland.
Men eg har sjølvsagt bare høyrt det som gjeng i min favør, legg han til.
Han får støtte av Tarjei Skræi, formann og nyvalt kommunestyremedlem frå Frp. Han er ikkje i tvil om at direkteval på ordførar er det rette.
Me er veldig positive til ei slik ordning. Slik det har blitt i Seljord etter valet, er veljarane parkerte og sett til side. Eit parti som nesten er halvert sit att med ordføraren. Det kan verke som posisjonar er viktigare enn politikk, seier Skræi.
Han har møtt mange av dei same reaksjonane som Mæland.
Folk er forbanna og føler det ikkje nyttar å røyste, fortel Skræi.
Ragnar Solheim, kommunestyrerepresentant for KrF, er også positiv til direkteval.
Artikkelen held fram under annonsen.
Då vil den som flest røyster på bli ordførar, og det er veljarane som skal bestemme, seier Solheim.
Amerikanske tilstandar
Påtroppande ordførar John Kleivstaul har ikkje tru på direkteval på ordføraren.
Det ser eg ikkje særleg fordelar med. Det vil gje auka personfokusering og amerikanske tilstandar. I den mediaverda me lever i kan det verke som ordføraren bestemmer alt. Slik er det sjølvsagt ikkje, seier Kleivstaul og trur heller ikkje ei slik ordning hadde auka valoppslutnaden i kommunen.
Halfdan Haugan (Ap) avviser ikkje tankane om direkteval. Men meiner ein må hauste erfaringar frå dei 36 kommunane som hadde denne ordninga i år.
Det kan vera ein kjempespennande tanke. Direkteval har vore forsøksprosjekt i fleire kommunar. Evalueringa av dette blir spennande, seier Haugan.
Ordføraren skal vera bodbringar for blokka med det politiske fleirtalet. Ved direkteval kan ein vinne valet, men tape fleirtalet. Det kan bli problematisk, meiner han.