Anne Enger Lahnstein var gjestetalar under Grimdalsstemnet.
Anne Enger Lahnstein var gjestetalar under Grimdalsstemnet.

Verna verdiar med ord og tonar

Gjestetalar Anne Enger Lahnstein tala varmt om verdiar, og Kirsten Bråten Berg og Torgeir Straand vernar godt om dei. Sundag vart Grimdalsstemnet halde for 30 gong.

Det årvisse Grimdalsstemnet på Grimdalstunet i Skafså vart arrangert i solskin og med godt frammøte sundag. Kirsten Bråten Berg og Torgeir Straand stod for den musikalske biten av stemnet. Dei framførde gamle stev og slåttar.

Over 200 menneske var møtt fram for å heidre kunstnaren Anne Grimdalen. Grimdalsstemnet blir alltid innleia med gudsteneste, og Alf P. Birkeland leia messa saman med prost i Vest-Telemark, Olav Rune Ertzeid. Alf P. Birkeland har vore sokneprest i Tokke i ti år.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg minnest godt tida som sokneprest her. Eg har mange gode minne, seier Birkeland.

Etter preika var det matpause, og lukta av rjomegraut, vaflar, lapskaus og kaffi breidde seg over tunet.

Jubileum

Sidan det er 30 år sidan skulpturhuset vart bygd, var stemnet prega av jubileet og arbeidet som mange friviljuge har lagt ned. Styreformann i Anne Grimdalens minne, Dagfinn Midtbø, gav kommunen rosande ord for godt samarbeid, og gav dei frammøtte eit historisk tilbakeblikk frå byggjestart til i dag.

– Målet er å bevare arbeida til Anne. Gjennom åra har mange gjort ein stor innsats for Grimdalstunet, fortalde Midtbø.

– Ta vare på verdiane

Stemnets gjestetalar var Anne Enger Lahnstein, som tidlegare mellom anna har vore kulturminister frå 1997-99 og som nå er påtroppande fylkesmann i Østfold. Temaet i apellen hennar var «Tankar kring verdiar på landsbygda». Ho tala varmt om kulturrike Telemark, som ho har vitja mykje.

– Det er alltid hyggeleg å kome til Telemark, uttala Lahnstein, som fortalde at ho har kjøpt seg hytte i Vrådal.

Lahnstein har vitja Grimdalstunet fleire gonger tidlegare. Ho fortalde at hennar fyrste møte med kunstnarens arbeid var Grimdalens statue i granitt - som syner Harald Haråde på hest - på rådhusveggen i Oslo.

– Eg beundrar dei som har gjort det mogleg å bevare kunstnarens minne, uttala ho.

Artikkelen held fram under annonsen.

Lahnstein la vekt på at kunst og kultur er viktig for å gje folk ein identitet, både med ord, tonar og bilete. Ho meiner bygde-Noreg må kjempe for dei sterke verdiane som er.

– Me må ta vare på det kollektive minnet vårt. Viss ikkje blir me etter kvart eit identitetslaust folk, sa ho.

Gjestetalaren hadde sett av heile dagen på Grimdalstunet og tok seg god tid til ein prat med dei frammøtte.

Tilbake i Skafså

Nokre av Anne Grimdalens fyrste arbeid har blitt støypt om i bronse og vil i løpet av seinsommaren bli satt opp ute på tunet.

– To leikne bjørneungar kom på plass i førre veke, og ein rev, ei ørn og «jenta med fisken» er snart på plass, fortel nestleiar i styret for Grimdalstunet, Randi Felland.