Vesttelar i noregstoppen
Torgeir Lid Byggland frå Høydalsmo stod, saman med skiskyttar Even Nordbø frå Fyresdal, for helgas sterkaste idrettsprestasjonar. Lid Byggland tok to andreplassar og ein sjetteplass i noregscupopninga i Steinkjer. Nordbø gjekk heilt til topps i noregscupdebuten på Sjusjøen. Også Ånund Lid Byggland gjorde ein god figur i Skandinavisk cup i Sverige med åttandeplass på sprinten.
Det er uttak i dag. Eg ynskjer ikkje å kommentere korleis dei forskjellige løparane ligg an i forhold til uttaket, seier Per Nymoen i Noregs skiforbund.
Han og dei sportslege ansvarlege sette seg sundag ned for å sjå kven som skal forsvare Noreg i den prestisjefylte landskampen for jenter og gutar. Sindre Høgset frå Vinje er den siste vesttelen som har representert ferdrelandet i den settinga. Sindre var med i Finland då det var så kaldt for fire år sidan. Torgeir Lid Byggland gjekk seg inn i diskusjonen då han kapra to andreplassar og ein sjetteplass i noregscupen i helga.
Artikkelen held fram under annonsen.
Eg er veldig fornøgd med det eg har prestert i helga. Mitt store mål i vinter var å få ein pallplassering i løpet av sesongen. Det var både overraskande og ikkje minst moro at det skulle bli to alt i vinterens fyrste noregscuphelg. No ser eg at det kjem fleire sjansar til å kjempe i toppen. Men eg må ha full klaff for å klare det, sa Torgeir.
Den neste noregscuprunden går i Alta, og det skjer like før junior-NM på Lillehammer. Det betyr at det blir fem renn på ni dagar for han og dei beste juniorane.
Har heva seg
Torgeir Lid Byggland har dei to siste åra gjort ein god figur i Hovudlandsrennet som er eit uoffisielt noregsmeisterskap for 15- og 16-åringar. Han var ikkje så høgt oppe på resultatlistene i Trondheim og Harstad som det han var i Steinkjer denne helga. Torgeir forklarer den fine utviklinga med at han har blitt eitt år eldre og har fått meir musklar på kroppen. Det har vore progresjon i treningsarbeidet til 1996-modellen, men han har ikkje auka treningsmengdene så mykje.
Lid Byggland har også tidlegare vore flink på det området. Han går på Hovden skigymnas og får god oppfylging av Svein Olav Utistog og dei andre trenarane. Den energiske fyrsteårsjunioren har funne seg godt til rette øvst i Setesdal. I starten var hybellivet litt uvant og klesvasken var ikkje det fyrste Torgeir kasta seg over. Etter kvart har han blitt flinkare på den fronten også.
Eg føler eg har kome eit godt stykke på veg sjølv om eg framleis har ein del å gå på. I jola fekk eg nokre gode råd av Ånund då eg trena saman med han, sa Torgeir.
Ånund Lid Byggland er storebroren og den tidlegare junior-VM-deltakaren som også gjer det bra i langrennssporet. Det er grunn til å tru at dei to kan bli konkurrentar om nokre år. Torgeir har ikkje tenkt å gje seg med det fyrste. Det langsiktige målet er å bli ein god seniorløpar. Fyrst har han fire vintrar på seg til å markere seg i juniorklassene. Kometen er alt på god veg til å gjere det i ein idrett der nivået er veldig høgt.
Even sette standarden
Lillehammer: Even Nordbø sette standarden då han i helga innkasserte karrierens fyrste noregscupsiger. 16-åringen var i ei klasse for seg då han sette konkurrentane på plass.
Sigeren i helga føyer seg dermed inn i rekkja av fyresdølar som har vunne eitt eller fleire noregscuprenn i skiskyting. Det byrjar etter kvart å bli ein del av dei. Eivind Arne Bjaaland er vel den meste meritterte. Bjaaland var ein meisterskapsløpar av rang, og enda opp med fire NM-gull, det trass i at det verken var jakt- eller fellesstartar på programmet den gongen.
Artikkelen held fram under annonsen.
Even Nordbø imponerte då han vann noregscupsprinten på Sjusjøen med 20 sekundar laurdag. Han bomma totalt to gongert på dei to skytingane. Sigeren gav han eit veldig bra utgangspunkt før sundagens jaktstart, men han fekk det ikkje til å fungere like bra der. Det blei for mange bom på standplass til at den svært så sindige vesttelen klarte å forsvare fyrsteplassen.
Har gått fortare
Eg har nok gått fortare i sporet enn eg gjorde på laurdagen sprint. Men det var eit brukbart løp eg presterte. Samstundes føler eg at eg har meir å gå på. Det bør vere mogleg å gå fortare seinare i sesongen dersom eg held meg frisk og får trene bra framover. Det er noregscuprenna og junior-NM som er fokuset mitt denne vinteren, seier stortalentet.
Han er tilbake på Geilo etter eit par veker på heimlege trakter. Even kan fortelje at det var godt å kome heim på joleferie. Den sigersvante skiskyttaren fekk god pleie heime. Høgtida inneheldt mykje god mat, sosialt samvær og ikkje minst mange bra treningsøkter. NTG-eleven fekk også med seg eit renn før han pakka ned utstyret og reiste til Sjusjøen.
Større kapasitet
Eg føler eg har større fysisk kapasitet nå enn eg hadde som siste års rekrutt. Det skuldast fyrst og fremst at eg har trena bra gjennom heile sommaren, hausten og så langt i vinter. Det er nok på standplass eg har størst forbetringspotensiale i forhold til konkurrentane mine. Derfor jobbar eg hardt for å bli meir stødig på avtrekkaren, seier han og røpar at han er innstilt på å bli ein god seniorutøvar på sikt.
Det store målet i vinter var å sikre seg ein noregscupsiger før sesongen var omme. Even har alt brote den barrieren. No kjem han til å jakte fleire pallplasseringar dei neste vekene.
Ånund klinka til på sprinten
Østersund: Førre sesong var eg god før jol og dårleg etter. Eg håpar på det motsette i år, sa Ånund Lid Byggland, som verkeleg fekk det til å stemme på sprinten i Skandinavisk Cup.
Han plasserte seg som nummer åtte og presterte sesongbeste. Lid Byggland blei beste norske U23-løpar. Høydalsmo-guten gjorde det også bra på sprinten på Beito i samband med opningshelga. Det gjer at han siglar opp som ein aktuell kandidat til U23-VM. Lid Byggland har ikkje prestert bra nok på distanse til å ha håp om å få gå distanserenn i Tsjekkia. Men han kan fort vere ein av dei som skiforbundet ber om å gjere klart passet.
Det er ikkje så mykje anna ann dei to sprintane eg er fornøgd med i vinter. Det har eigentleg gått litt trått i enkelte renn, men eg synest det var ganske bra i dag, sa Lid Byggland etter det fyrste distanserennet i Østersund i Sverige.
Artikkelen held fram under annonsen.
Fleire vesttelar i aksjon
Det var fleire vesttelar i aksjon i Steinkjer i helga. Sigrid Lid Byggland, Høydalsmo IL, blei nummer 47 på fredagens friteknikk, nummer 74 på laurdagens klassiske sprint, og nummer 43 på sundagens klassiske distanse.
Stian Yndesdal Ofte, Høydalsmo IL, blei nummer 97 på sprinten og 116 på den klassiske distansen.
Klubbkamerat Eivind Romberg Kvaale blei nummer 69 på sprinten og nummer 87 i det klassiske rennet sundag.
Arne Moen Lid, Høydalsmo IL, blei nummer 148 på sprinten og 132 i det klassiske rennet.
Knut Halvor Erikstein, Vinje IL, enda på 164. plass på sprinten og 129. plass på sundagens klassiske distanse.
Klubbkamerat Runar Skaug Mathisen blei nest beste vesttele på sprinten med 29. plass, men stilte ikkje til start sundag.