Vesttelar nominerte til Spellemann
Sigrid Aase frå Flatdal og Eivind Øygarden frå Vinje, betre kjend som Ivan Ave, er nominerte til Spellemannsprisen.
Sigrid Aase og bandet Hajk har hatt eit godt musikalsk år med plateslepp og gode meldingar, samt nominasjon til den gjeve Edvardsprisen. No kronast altså året med ein spellemannsnominasjon.
Bandet spelar indiepop og er nominert i klassen for årets popgruppe. Her konkurrerer dei mellom anna med Markus og Martinius, i tillegg til NO. 4, og SEEB, om å vinne den gjeve prisen.
Artikkelen held fram under annonsen.
Sigrid Aase er veldig glad for nominasjonen.
– Det var sjølvsagt kjempestas å bli nominert. Det er ikkje kvar dag slikt hender, og me synest det er veldig gøy, seier Aase.
Jolegåve
Ho og bandet fekk vite om nominasjonen like før jol.
– Det var ei veldig fin jolegåve å få. Me tør ikkje heilt håpe at me vinn, men ser det som ein siger for oss å vere nominert, held ho fram.
2018 ser også ut til å bli eit innhaldsrikt år for bandet. Dei skal ut på turné og spele inn meir musikk på plate.
– I mars skal me ut på reise, og spele på ulike festivalar. Mellom anna skal me opptre på «South by Southwest»-festivalen i Austin, Texas. Elles går turen til New York og Japan, seier Aase.
– Me jobbar også med nye låtar, og satsar på å gå i studio og spele inn desse i løpet av året. Så kanskje det kjem ei ny plate neste år, men slikt veit ein ikkje heilt på førehand, avsluttar Aase.
Artikkelen held fram under annonsen.
Eivind Øygarden frå Vinje, betre kjend som Ivan Ave, er nominert til pris i kategorien «Urban» for plata «Every Eye».
Ånon Egeland, høgskulelektor på instituttet for folkekultur i Rauland, er nominert i kategorien «folkemusikk» med plata «Sorpesoll».