Vesttelen

Namn: Tormod ValebjørgAlder: 43 årBur: I KilegrendKva gjer du: Køyrer søppelbil for Telemark godslinjer

Kva veit du om etternamnet ditt?

– Det er veldig gamalt, og namnet har vore i slekta frå kring 1540. Dei fire Valebjørg-gardane ligg mellom Kilegrend og Fyresdal.

Artikkelen held fram under annonsen.

Har du vore i avisa før?

– Ja, for kring ti år sidan hadde Geir Ufs ein sommarprat med meg.

Er du glad i dag – kvifor?

– Ja, eg er sjeldan morgongretten eg, smiler Valebjørg. Klokka har blitt ni på morgonen, og søppelkøyraren har alt vore på jobb i to og ein halv time.

Er det ei hending som representerer eit vendepunkt i livet ditt?

– Etter ei trøblete tid i arbeidslivet har eg no fått tilbod om anna arbeid, altså søppelkøyring.        

Kva lengtar du heimatt til «etter fem år i Amerika»?

– Då er det om å gjera å få koma seg så fort som råd heim til utstikta og staden.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kven gjorde sist noko for deg som du sette pris på, og kva var det?

– At eg fekk jobb i Telemark godslinjer.

Korleis ser du på heimbygda di?

– Bra der. Fyresdal er ein kommune som får det til.

Har du eit godt sitat eller livsmotto du vil dele?

– Grip dagen.

Har du nokon spesielle interesser eller hobbyar?

– Eg har eit hus som treng reparasjonar, måling og anna vedlikehald.

Artikkelen held fram under annonsen.

Korleis er den typiske vesttelen?

– Ein som er sta, eigen og vil gjera ting på enklast mogeleg måte.

Kva vil draumeoverskrifta i Vest-Telemark blad vere i dine augo?

– Nå kjem det nye innbyggjarar til Kilegrend.