Vesttelen

Namn: Åsmund HøydalAlder: 65 årBur: I Morgedal

Kva veit du om etternamnet ditt?

Namnet kjem frå garden Høydal i Langlim.

Har du vore i avisa før?

Ja, men det er mange år sidan. Eg minnest eg blei avbilda ein gong medan eg stod og fiska i Morgedalstjønni ved Odden landhandel.

Artikkelen held fram under annonsen.

Er du glad i dag – kvifor?

Ja, det er eg stort sett jamt. Eg har heldigvis eit godt humør.

 

Er det ei hending som representerer eit vendepunkt i livet ditt?

Då eg tidleg i tjueåra tok over heimegarden Sudigard Brekke i Morgedal, og arbeidsdagen min blei skogsdrift og gardsarbeid.

Kva lengtar du heimatt til «etter fem år i Amerika»?

Den varierte naturen me har her.

Kven gjorde sist noko for deg som du sette pris på, og kva var det?

At eg sist helg blei beden i konfirmasjon i Svarstad, der eg trefte mange frå slekta mi.

Korleis ser du på heimbygda di?

Eg er glad for at ho ligg ved europavegen, men eg trur det blir utfordringar om den nye traseen lenger nord kjem. Elles er det ei god dugnadsånd i bygda, men eg fryktar for utviklinga hjå neste generasjon.

Har du eit godt sitat eller livsmotto du vil dele?

Ærlegheit er veldig viktig.

 

Har du nokon spesielle interesser eller hobbyar?

Eg trenar ein del. Er glad i å gå på ski om vinteren og toppturar om sommaren.

Artikkelen held fram under annonsen.

Korleis er den typiske vesttelen?

Roleg og omgjengeleg.

Kva vil draumeoverskrifta i Vest-Telemark blad vera i dine augo?

Stort overskot for Morgedal hotell fyrste driftsåret.