Veteransiger på Landskappleiken
Johan Vaa og Aud Manheim dansa seg til topps på Landskappleiken.
Nok ein godt arrangert landskappleik er over, og nøgde vesttelar kunne ta med seg fleire gode plasseringar heim frå Røros. I år kunne ein finne representantar frå Seljord folkemusikklag, Falkeriset folkemusikklag frå Rauland og Vinje spilemannslag. Deltakarane var godt spreidd over dei ulike klassene.
Gode resultat
Av dansarane var det fleire som hevda seg. Veteranane Aud Manheim frå Seljord folkemusikklag og Johan Vaa frå Falkeriset folkemusikklag konkurrerte i den eldste klassa, klasse D, i kategorien dans til hardingfele. Dei tok heim sigeren i klassa si med ein Vest-Telemarksspringar. Gjertrud Raftevold Rue frå Seljord folkemusikklag dansa telespringar med følgje, og det gav ho ein tredjeplass i C-klassa, der 13 par dansa. Bror hennar, Bjønn Raftevold Rue, tevla i halling klasse B, og kom også heim med ein tredjeplass. Han dansa også telegangar med Ingrid Storlid og telespringar med Anne-Karin Slåtta i klassa dans hardingfele B. Sara Fjågesund Aase og Eivind Bakka dansa telespringar i A-klassa, og hamna på ein sterk niandeplass av i alt 21 par i klassa.
Artikkelen held fram under annonsen.
Spel og moro
Ottar Kåsa frå Falkeriset folkemusikklag tok ein sterk tredjeplass i A-klassa, og måtte dele den med Per Anders Buen Garnås frå Spelemannslaget Bøheringen. Med seg i klassa frå same lag hadde han Lars Erik Skjøtskift Øygarden, som tok ein tiandeplass. Ånond Versto er medlem i både Falkeriset folkemusikklag og Seljord folkemusikklag, og det er fyrste gong han er på landskappleiken. Han konkurrerte i B-klassa, og kom på ein ellevteplass.
Kveding på høgt nivå
I A-klassa for kveding finn me representantar frå alle tre laga frå Vest-Telemark. I dette regionsoppgjeret var det Ingebjørg Lognvik Reinholt frå Seljord som gjekk sigrande ut med ein sjetteplass. Inger Lien frå Falkeriset folkemusikklag kom på ein åttandeplass, medan Knut Erik Jordstøyl frå Vinje Spilemannslag kom på ein tiandeplass. Hæge Manheim stilte opp i B-klassa, og av 26 deltakarar i denne klassa tok ho ein flott tolvteplass.
God stemning
Torunn Raftevold Rue var dommar på årets kappleik, og er aktiv i Seljord folkemusikklag. Ho fortel at Landskappleiken var godt arrangert i år også.
– Det var god innsats frå alle som deltok, og det blei et veldig bra arrangement, skryt ho.
Det er litt færre deltakarar frå Vest-Telemark i år, og folkemusikk-miljøet kunne godt tenkt seg fleire med.
I lagspelkonkurransen kom Seljord på ein svært god tiandeplass. Og det beste med plasseringa var at dei slo Spelemannslaget Bøheringen med god margin.
– Når ein er naboar blir det litt rivalisering, og då er det moro å slå dei, fortel Rue.
Ho trekkjer fram fleire gode grunnar til å reise på landskappleik.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Det er veldig sosialt og hyggeleg, i tillegg til at du får ein idé om kva nivå du er på, og så får du noko å strekkje deg etter. Vi gler oss allereie til neste år. Då skal landskappleiken vere i Trysil, avsluttar Rue.