Faksimile VTB 7. februar 2016
Faksimile VTB 7. februar 2016

Vil at folket skal bli høyrd

Rådmannen i Seljord rår dei folkevalte til å la innbyggjarane få seie kva dei meiner om samarbeidsplanane med Kviteseid og Nissedal.

Førre gong intensjonsavtala mellom dei tre naboane Nissedal, Kviteseid og Seljord låg på det politiske bordet i Seljord, blei det vedteke at dei ynskte å reforhandle avtala med grannane.

Ordførar Haugan gjekk så til ordførar Tarjei Gjelstad (Kviteseid) og ordførar Halvor Homme (Nissedal), men utan å få gjennomslag. Dei var ikkje interesserte i nye forhandlingar, og håpa at avtala kunne bli som ho var.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ordføraren i Seljord har difor bede om at den vedtekne intensjonsavtala mellom dei tre kommunane kjem opp på til ny politisk behandling i Seljord, og meiner at innbyggjarane skal få høve til å seie kva dei meiner. Fredag behandlar formannskapet saka.

Kommunestyret i Seljord har også sagt ja til at ordførar, varaordførar og opposisjonsleiar skal forhandle vidare med Sauherad, Notodden, Hjartdal og Seljord. Representantar frå desse fire kommunane møtest på Notodden rådhus til nytt møte for å gjere siste finpuss på ei eventuell intensjonsavtale i ettermiddag.