Vil bare feie annankvart år
Om kommunestyret i Seljord er samd med rådmannen, blir pipene bare feia annankvart år. Men prisen for huseigarane blir akkurat den same.
Hittil har feiaren i Seljord kommune kome trufast kvart år, med stige på biltaket. Han klatra opp på hustaka og feia pipene i alle heilårsbustadane. Det kan det bli ei endring på. Lov om brannvern er endra til meir tilsyn og mindre feiing, skriv sakshandsamar i Seljord kommune, Knut Dyrland. I fylgje lova skal feiing utførast ved behov, minimum kvart fjerde år. Men det meiner sjefen for Vest-Telemark Brannvesen, Alexander Linn, er for lite. Alle kommunane i brannsamarbeidet praktiserer oftare feiing enn fjerdekvart år, og somme held fast på feiing kvart år i tillegg til tilsyn.
Meir branntilsyn
Framlegget som kommunestyret skal ta stilling til, går ut på at pipene og omnsrøra bare blir feia annankvart år. I tillegg kjem feiaren fjerdekvart år for å føre tilsyn med at fyringsanlegget er intakt, fungerer som føresett og ikkje kan valde brann eller annan skade. Same ordninga har også Fyresdal og Nissedal kommunar, medan både Vinje, Tokke og Kviteseid har årleg feiing, blir det opplyst frå Vest-Telemark Brannvesen.
Artikkelen held fram under annonsen.
Seljord kommune har i dag feiar i halv stilling. I fylgje saksutgreiinga tek tilsyn lenger tid enn feiing, og kommunen reknar med at arbeidet som fylgje av den nye ordninga kan bli utført med same stillingsressursen. Kostnaden for huseigarane blir akkurat den same; 296 kroner må betalast kvart år om feiaren kjem eller ikkje.
Krev godkjent takstige
Tidlegare har feiaren i Seljord hatt med seg eigen stige. Den ordninga var det slutt med i haust, noko som førte til at nær halvparten av huseigarane i kommunen, som fekk besøk av feiaren i november og desember, ikkje fekk feia pipene sine. Dyrland fortel at kring 30 prosent mangla heilt, eller hadde ikkje godkjent stige på taket. I tillegg hadde mange ikkje sett opp stige slik at feiaren kunne koma seg opp på taket.
Om det ikkje blei feia i det heile, må huseigarane likevel betala feieavgifta.
Ikkje utført feiing på grunn av manglande eller ikkje forskriftsmessig takstige, gjev ikkje fritak frå betaling av feie- og tilsynsgebyr, heiter det i rådmannens framlegg til vedtak.
I eit lesarinnlegg i Vest-Telemark Blad i januar gjer brannsjef i Vest-Telemark Brannvesen, Alexander Linn, det klart at det er huseigaren sitt ansvar å setje opp ein stige som skal rekke minst ein meter over takrenna. Seinare har teknisk sjef i Seljord kommune informert om at det også går bra om stigen ligg på ein lett tilgjengeleg stad.
Somme huseigarar likar ikkje å ha stigen ståande av frykt for at ungar kan koma til å klive i han. Andre kan av helsemessige årsaker ha vanskar med å setje han opp. Då er det heilt greitt å bare leggje stigen ved husveggen, eller ha han på ein annan lett tilgjengeleg stad, informerer Dyrland.