Vil bruke bryggehuset året rundt
I samband med utviklingsprosjektet «Kviteseid i framtida» blir det nå sett på restaurering av det søndre bryggehuset i Kviteseidbyen.
Kommunestyret i Kviteseid får i kveld ei orientering om planane om å restaurere det søndre bryggehuset slik at det kan fungere til heilårsbruk, og som ein uformell møtestad og aktivitetsarena for tilflyttarar, flyktningar, lokalt næringsliv, lag og foreiningar, står det i saksutgreiinga.
Arbeidet vil starte seinsommaren eller hausten 2016.
Artikkelen held fram under annonsen.
Arkitektar frå Feste Grenland AS har laga teikningar av korleis istandsettinga kan bli. Pakkhuset skal framleis vere uisolert, medan det søndre bryggehuset skal bli isolert for heilårsbruk. På teikningane ser ein føre seg at bryggehuset skal innehalde kjøkkendel og serveringsdisk, toalett, eit område med sitjeplassar og vedomn, og i andre enden av bygget skal turistinformasjonen halde til. Tiltaket og teikningane blei møtt positivt då dei blei lagt fram for Kulturminnevernet i Telemark Fylkeskommune.
I den opphavlege budsjettplanen blei det sett av 200 000 kroner i 2015 og 100 000 kroner i 2016 til restaurering av bryggehusa.
I saka står det at kommunen har hatt ei positiv utvikling dei siste åra, og kommunen ynskjer å vidareføre satsinga for å auke attraksjonskrafta for å bli eit naturleg val for besøk, næringsetablering og busetjing.