: Stortingsrepresentant Svein Harberg frå Høgre (t.h.), Kristin Bakken, fylkespolitikar Tone Berge Hansen (Ap), Ottar Grepstad, Tom Roger Aadland og Erik Gjestvang deltok laurdag med ulike innslag på feiringa av 199-årsdagen til Aasmund Olavsson Vinje. Ordførar Jon Rikard Kleven (Sp) opplyste om diverse arrangement som skjer neste år på 200-årsjubileet.
: Stortingsrepresentant Svein Harberg frå Høgre (t.h.), Kristin Bakken, fylkespolitikar Tone Berge Hansen (Ap), Ottar Grepstad, Tom Roger Aadland og Erik Gjestvang deltok laurdag med ulike innslag på feiringa av 199-årsdagen til Aasmund Olavsson Vinje. Ordførar Jon Rikard Kleven (Sp) opplyste om diverse arrangement som skjer neste år på 200-årsjubileet.

Vil feire Vinje over heile landet

6. april 2018 er det 200 år sidan diktaren, journalisten og målmannen Aasmund Olavsson Vinje blei fødd. Det blir markert i heile Noreg.

Kvart år rundt desse tider blir fødedagen til Aasmund Olavsson Vinje feira. Laurdag møtte 40 personar for å ta del i feiringa på Vinjar, og få med seg diverse innslag under det fire timar lange arrangementet.

Vinjeordførar Jon Rikard Kleven leiar komiteen som planlegg 200-årsjubileet til Vinje.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Hovudplanen er å «teppebombe» Noreg med Aasmund Olavsson Vinje gjennom heile 2018, sa ordføraren.

Kringkastingsorkesteret

Han nemnte at nokre av prosjekta som blir jobba med er tilbod om miniframsyningar til barnehagar, skular, aldersheimar, sjukeheimar, grendehus og scener, og utstillingar på turistforeiningshytter og Vinje-vandring. Andre tankar er at 17. mai skal musikkorpsa i heile Noreg spele Vinje-arrangement.

Det skal vidare vere nyutgjeving av fleire bøker på papir og i digitalt format, og temautstilling og foredrag på biblioteka med «nykursa» bibliotekarar. Andre innslag er tilbod til journalistar om fagseminar tematisert rundt Vinje, og Kringkastingsorkesteret med utekonsert ved Vinje-stoga.

– Og det blir festframsyning på Det Norske Teater og mykje, mykje meir, sa Kleven.

Feiring lokalt heile helga

Jubileets hovudmarkering i Vinje kommune skjer helga 6.–8. april, og startar med bursdagsfeiring på alle skulane og barnehagane. Deretter fylgjer mange innslag gjennom helga. Kanskje kjem professor Frank Aarebrot. Laurdagskvelden er det storstilt feiring i Vinjehuset, og då er ynsket å få med Det Norske Kammerorkester. Sundagen er det Vinje-messe i Vinje kyrkje, og minikonsert ved Vinjestoga etterpå.

– Me utset byggjestart på Vinjesenteret til etter jubileumshelga for ikkje å måtte feire på ein byggjeplass. Vinjesenteret blir ein realitet, sa ordføraren om det som skal bli eit nasjonalt senter for dikting og journalistikk.

Elles nemnte Kleven at det snart vil stå ein bauta til over Aasmund Olavsson Vinje på Vinje-sletta.

– Det vil bli ein vital og dynamisk bauta, som saman med den stødige bautaen på motsett side av vegen vil gjere denne delen av E134 til ein Vinje-portal, avslutta ordføraren i samband med at han ynskte velkomen til feiringa av 199-årsdagen til Aasmund Olavsson Vinje, mannen som blei rekna som Noregs fyrste moderne journalist.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Ein av våre flottaste lyrikarar

På laurdagens arrangement på Vinjar framførde Erik Gjestvang, født i Skien og busett i Bøgrend, dikt av Aasmund Olavsson Vinje som til dømes folkekjære «Den dag kjem aldri».

Me spurde Gjestvang kva Vinje har betydd for han.

– Vinje har betydd og betyr veldig mykje for meg. Han hadde mykje livsvisdom og sjølvironi, var bevisst røtene sine og ein av våre flottaste lyrikarar. Lengselen til Vinje, og alle utfordringane han hadde – han var husmannsguten som kom seg fram. Eg er glad i Vinje, seier Gjestvang.

Gjestvang er identisk med personen som nyleg har gjort avtale med Vinje kommune om å gje frå seg boksamlinga si. Samlinga inneheld norsk, tysk og antikk litteratur, europeisk, norsk og lokal historie, kunsthistorie, språk og språkhistorie, skulefagbøker og oppslagsverk. Samlinga skal inngå i Vinjesenteret når det er etablert.

Artige gamle ord

Kristin Bakken, med far frå Langlim, var direktør for Norsk Ordbok, som blei ferdig i 2016. Verket inneheld 330 000 oppslagsord, og dei gamlaste er frå 1698.

– Veit du kva nuslekrok betyr, eit ord frå 1700-talet, spør Bakken med eit smil journalisten.

Det er berre å riste på hovudet. Då avslører Bakken at ordet betyr å tusle, det at ein går bare og tuslar.

– I jobben som direktør for boka har eg vore innom mange fantastiske ord. Her er veldig mykje snadder, seier Bakken.

Artikkelen held fram under annonsen.

På Vinjar fekk dei frammøtte høyre mange døme frå Bakken om gamle ord, slike som også får ein til å trekkje på smilebandet.

Treff hjarta meir

Tom Roger Aadland frå Vindafjord framførde låtar av Bob Dylan på nynorsk. Aadland har gjengjeve to av albuma til Dylan på det målføret vestlendingen har vakse opp med og nyttar. Fyrste albumet hans kom i 2009. Det andre kom sist haust, tre veker før Dylan fekk Nobelprisen i litteratur.

– På konsertane eg har seier veldig mange at Dylans tekstar treffer hjarta deira meir direkte når dei er på nynorsk, seier Aadland.

Ottar Grepstad, direktør i Norsk kultursentrum, fortalde om korleis Aasmund Olavsson Vinje er blitt forstått i ettertid. Svein Harberg (H), leiar i familie- og kulturkomiteen på Stortinget, og Tone Berge Hansen (Ap), leiar i hovudutval for kultur i Telemark, snakka om kva slags kulturinstitusjonar Noreg treng no.

– Me må ha kulturinstitusjonar som ivaretek historia og samtidig peikar framover, og me må ha med ungdomen. Me må vekkje nysgjerrigheita hos folk, og det trur eg ein har moglegheita for med eit Vinjesenter, seier Tone Berge Hansen til VTB.

Breitt samansett jubileumskomité

Det er sett ned ein nasjonal og regional komité som i to år har arbeidd med 200-årsjubileet for Aasmund Olavsson Vinje. Dei som sit i komiteen er folk frå Nasjonalbiblioteket, Samlaget, Folkeakademiet – både nasjonalt og regionalt, Noregs mållag, Norsk journalistlag, Det Norske Teater, Nynorsk kultursentrum, Telemark fylkeskommune, Telemark fylkesbibliotek, Telemark kulturnettverk, Vinje-kjennar og biograf Olav Vesaas, leiar Jon Rikard Kleven og assisterande rådmann Anders Sandvik som sekretær.

Laurdag opplyste Kleven at komiteen også har kontakt med andre som jobbar godt mot jubileet, som til dømes Gran kommune, Presteenkesete Sjo, Den norske turistforening, Landssamanslutninga av nynorskkommunar, Norske musikkorps forbund og Norsk korforbund.

 

Artikkelen held fram under annonsen.