Arbeidet med ny kommunedelplan for Vågslid har vore ein lang prosess for planutvalsleiar Tone Edland (Sp) og dei andre politikarane. No blir planen sendt ut til offentleg ettersyn på ny.
Arbeidet med ny kommunedelplan for Vågslid har vore ein lang prosess for planutvalsleiar Tone Edland (Sp) og dei andre politikarane. No blir planen sendt ut til offentleg ettersyn på ny.

Vil framleis ha utleigesenger i Vågslid

I Vågslid tvilar dei på marknaden for utleigehytter, men Vinje kommune står på at det også i framtida må bli lagt til rette for det.

Det har frå Vågslid kome framlegg om å erstatte utleigeplikta i området med ei ordning der det blir betala inn til eit disposisjonsfond. Bakgrunnen for framlegget er at marknaden for utleige er liten i Vågslid og at ordninga ikkje fungerer.

– Om det ikkje er behov eller etterspurnad etter så mykje nå, kan det bli det i framtida. Dersom ein ikkje reserverer areal til dette området, vil det bli bygd hytter på dei mest eigna areala, skriv rådmannen i saksutgreiinga til kommunedelplanen for Vågslid.

Artikkelen held fram under annonsen.

Viktig for skisentra

Den nyleg vedtekne næringsplanen seier at kommunen framleis «skal vera ein reiselivskommune der ein skal satse på både kommersiell utleige og private hytter», og at ein skal vidareutvikle talet på utleigesenger i Vågslid for å styrke drifta av skianlegg og andre servicetilbod i området. Dette byggjer mellom anna på ringverknadssanalysen frå konsulentfirmaet Menon om at utleigesenger er viktige for økonomien til skisentra både på Haukelifjell og i Rauland.

– Utleigegjestedøgn bidrar til relativt små inntekter for heile Vinje kommune samla sett, samanlikna med hyttebygging og hytteeigaranes eigen bruk. Likevel er det slik at gjester i varme senger har høgare forbruk i skisentra (står meir på ski) per gjestedøgn enn hytteeigarar, og er såleis ei viktig inntektskjelde for skisentra. Ettersom skisentra er særs viktige for destinasjonsutvikling, hyttesal og hyttebruk, er inntektene frå utleige viktige for hele reiselivsnæringa i Vinje, skriv rådmannen.

Planutvalet fylgjer rådmannens framlegg om mellom anna å setje av «større areal» til fritid- og turistformål eller næring i Skjerdalen, på Sportelltomta, Fjellstad, Myrane, Botn og i Haukelifjell skisenter, i tillegg til nokon mindre areal. Ved Fjellstad er det sett av 190 dekar til næringsformål, og det blir lagt til grunn etablering av nytt alpinanlegg her.

– Skal ein ha plass til nedfart, heis, serviceanlegg, parkering og utleigeeiningar, er ikkje dette for mykje, meiner rådmannen.

Det blir også sett av plass til etablering av servicefunksjonar knytt til hyttefelt og til auka tal forbipasserande på E134. Nokre område ligg slik til at rådmannen vurderer dei som mindre aktuelle for utleige/næring, og viser til Arbuneset, Skyttja, og alle felta nedover Finnroi til Flothyl.

Lang prosess

Kommunedelplanen for Vågslid var onsdag til planutvalet for fjerde gong. Det er andre gong planen blir lagt ut til offentleg ettersyn. Fyrste gong var i 2013. Plan- og miljøutvalet i Vinje gjorde ein del endringar då dei behandla planen hausten 2014, mellom anna blei område for fritidsbustader i sør utvida. I 2015 blei heile planen utsett for å avklare dei blå områda (næring/utleigesenger) i kommunen. Modellen for utleigekapasitet som sa noko om kvar det i framtida skulle vera næringsområde blei vedtatt i november 2015.

Det har vore uro i Vågslid kring temaet og det vidare arbeidet med kommunedelplanen. Det har vore møte mellom kommunen og grunneigarar/utbyggjarar, og partane blei mellom anna samde om å få utgreidd grunnlaget for utleigeverksemd i Vågslid. Dette var med i grunnlaget for den nye næringsplanen som blei vedtatt i april i år.