Solveig Bjugn, barnevernsamarbeidet, Birgitte Yndesdal, helsesyster i Tokke, Elin Erikstein, psykisk helse i Tokke, Dagny Skjelbreid, barnehagekonsulent i Tokke, Sigrunn Skare, spesialpedagog i Tokke, Kristin Brekke, psykisk helse barn og unge i Kviteseid, Bjørg Vesterdal, helsesyster i Kviteseid, Haldis Romtveit, pedagogisk leiar Rauland barnehage, Kari Omdal Tveito, lærar Åmot skule og Tove Haugen, helsesyster i Vinje. (Namna er ikkje i rekkjefylge)
Solveig Bjugn, barnevernsamarbeidet, Birgitte Yndesdal, helsesyster i Tokke, Elin Erikstein, psykisk helse i Tokke, Dagny Skjelbreid, barnehagekonsulent i Tokke, Sigrunn Skare, spesialpedagog i Tokke, Kristin Brekke, psykisk helse barn og unge i Kviteseid, Bjørg Vesterdal, helsesyster i Kviteseid, Haldis Romtveit, pedagogisk leiar Rauland barnehage, Kari Omdal Tveito, lærar Åmot skule og Tove Haugen, helsesyster i Vinje. (Namna er ikkje i rekkjefylge)

Vil gje nyttige råd til foreldre

Ti foreldrerådgjevarar har gjennom vinteren kursa seg for å halde samtalar, og kome med nyttige verktøy og tips til foreldre som kjenner at dei har ei floke i heimen dei ynskjer å løyse.

Det er ikkje alltid samspelet mellom barn og vaksne blir slik ein hadde tenkt, eller åtferda til barna er slik ein skulle ynskje. Det kan vere eit mønster som utviklar seg over tid. Kanskje blir det mykje kjefting og høge stemmer, sjølv om ein aller helst skulle ynskt at ein bare kunne gje ein beskjed.

Dette ynskjer nå ti nyutdanna Tibir-foreldrerådgjevarar (Tibir står for tidleg intervensjon for barn i risiko) frå Tokke, Vinje og Kviteseid å hjelpe til med. Dei vil hjelpe barnefamiliar som har ekstra utfordringar knytt til unge mellom 3 og 12 år.

Artikkelen held fram under annonsen.

Løyse floka

– Kven er i målgruppa for ei slik rettleiing?

– Kanskje barna samarbeider lite på beskjedar frå dei vaksne, og det kan vere utfordringar rundt påkledning, leggjetid, måltid, lekser eller sysken – krangling. Om ein står fast og ikkje veit korleis ein skal løyse det, er det kanskje bare nokon få samtaler mellom foreldrerådgjevaren og dei føresette som skal til for at floken er løyst, seier Elisabeth Jopperud, Tibir-koordinator i Vest-Telemark.

Hanne Øwre frå Bufetat har leia kurset saman med Karin Vehus frå Barnevernsamarbeidet i Vest-Telemark. Begge to er utdanna PMTO-terapeutar, og gjev veiledning til familiar etter dei same prinsippa som TIBIR foreldrerådgjevarane nyttar.

Spør tidleg om hjelp

Dei to kurshaldarane seier det er viktig å be om hjelp tidleg om ein strevar med samspel med barn.

– Ein bør be om hjelp før det går så langt at ein ikkje klarer å kome ut av det. Rettleiinga kan gå over samtalar på ein time ein gong i veka, frå tre til sju møte mellom familierådgjevarane og foreldre. Og fokuset skal vere positivt, for det er vår oppgåve å hente fram det positive og bygge det opp for å løyse utfordringane, er dei samde om.

Foreldrerådgjevarane kan gje foreldra verktøy til korleis foreldre kan nytte ros, oppmuntring og gode beskjedar i læring. Dei kan kome med innspel om korleis ein skal få barna til å gjere gode val, og korleis øve systematisk på å lære nye ferdigheitar.

– Ein kan ta opp tema om grensesetting, bruk av pausetid eller ignorering for å stoppe ei konflikt før det har eskalert. Korleis ein skal handtere aggressiv åtferd eller problemløysing i heimen. Ingen familiar er like, så alt blir tilpassa den familien ein arbeider med, seier Vehus.

Kan hjelpe fleire

Gjennom eit kurs på ti samlingar, som starta i oktober i fjor haust, har foreldrerettleiarar frå tre av kommunane i Vest-Telemark blitt utdanna. Nå er foreldrerådgjevarane klare for å praktisere det dei har lært på kurset.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Kjenner føresette at dette kan vere aktuelt, kan dei ta kontakt med ein av familierådgjevarane i den kommunen dei bur, seier Jopperud.

Fire i Tokke

I Tokke kommune har dei fire foreldrerettleiarane Birgitte Yndesdal, helsestasjonen, Elin Erikstein, psykisk helse, Dagny Skjelbreid, oppvekst og Sigrunn Skare, oppvekst, gjennomført Tibir-utdanninga.

–            Eg er kontaktperson i Tibir-teamet og fordelar sakene mellom dei 4 rådgjevarane. Både helsestasjonen, psykisk helse og oppvekst kan også starte rådgjeving utan at teamet er direkte involvera. Dette for at til dømes foreldre som tek kontakt med psykisk helse kan få foreldrerådgjeving utan at resten av teamet veit kven som får denne rådgjevinga. Det er viktig at foreldre føler seg trygge og ivaretekne i små bygder, seier Sigrunn Skare.

Skare og Skjelbreid, frå oppvekst-eininga, vil halde fram med Tibir-opplæring på modulen om konsultasjon for tilsette i barnehage og skule til hausten.

– Me prøvar å lage ein liten brosjyre om Tibir-foreldrerettleiing for å informere om tilbodet i Tokke, seier Skare.

I Kviteseid og Vinje er dei også i gang med å finne ei permanent organisering av tilbodet.

– Ta kontakt med ein av terapeutane om du treng meir informasjon der du bur, oppmodar Jopperud.