Det er ikkje noko argument at vegen fører til eit turistmål for at han skal vera kommunal, peikar rådmannen på.
Det er ikkje noko argument at vegen fører til eit turistmål for at han skal vera kommunal, peikar rådmannen på.

Vil gjera nesten halvparten av vegane private

Kviteseid-rådmann Øystein Tveit føreslår at 20 av kommunens 50 vegar blir private. Han meiner dette er nødvendig for å gje vegane eit lyft, og for å vera konsekvent i kva vegar som er kommunale og kva som er private.

Kviteseid kommune har i dag kring 53 kilometer med kommunale vegar. Ifylgje rådmannen er tilstanden «generelt dårleg». Mange av vegane har stort vedlikehaldsetterslep og behovet for investeringar er store. Det er bakgrunnen for framlegget frå rådmannen om å «leggje ned» 25 kilometer kommunal veg.

Midlane som er sett av til vedlikehald på vegane er i dag ikkje nok til å stoppe forfallet. I 2016 var budsjettet på 4,1 millionar kroner. Kommunens vedlikehaldsplan reknar ein årleg kostnad på 5,6 millionar kroner. Årlege investeringar på 1 million kroner til fast dekke har vore nytta til å gje vegane eit lyft, men dette tettar berre det årlege gapet mellom budsjettert kostnad og faktisk vedlikehaldskostnad.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Å gje vegane eit løft krev derfor ei endå større investering, er meldinga frå rådmannen til politikarane.

Store behov

I framlegget blir det føreslått å privatisere 20 av vegane i kommunen. Dei totalt 25 kilometrane vil spare kommunen for kring 2,6 millionar kroner i året, kjem det fram av saksutgreiinga til formannskapet. Det er ikkje det same som at vedlikehaldsbudsjettet blir kutta med 2,6 millionar, fordi behovet for vedlikehald på dei resterande vegane er store. Rådmannen skriv at vedlikehaldsbudsjettet bør vera på 3 millionar kroner om vedlikehaldsplanen skal oppfyllast. I budsjettet for dei neste fire åra føreslår rådmannen å setje av 2,5 millionar kroner i året.

Eventuelle tilskot til veglag vil gjera at innsparinga blir mindre, minner rådmannen om. I dag er det ingen private veglag som får tilskot frå Kviteseid kommune.

Rådmannen føreslår at Hommanvegen til venstre blir privat, medan Kasinvegen skal framleis vera kommunal.
Rådmannen føreslår at Hommanvegen til venstre blir privat, medan Kasinvegen skal framleis vera kommunal.

Rådmannen føreslår at dei aktuelle vegane går frå å vera kommunale til å bli private frå 1. mai neste år.

100 000 per kilometer

Han skriv at dei kommunale vegane i dag kostar vel 100 000 kroner per kilometer, og at kommunen ikkje klarer å levere det folk forventar. I saksutgreiinga kjem det også fram at det blir bruka ein del tid til å handsame klager og inspisere vegane, i tillegg til arbeidet på vegane. Rådmannen meiner det i dag heller ikkje er noko konsekvent line på kva vegar som er kommunale og kva som er private.

– Til dømes er Øyanvegen privat, medan Hommanvegen er kommunal, viser rådmannen til.

– Det å vera konsekvent og rettferdig er eit heilt vesentleg prinsipp for dette arbeidet. No legg me visse kriterier til grunn for kva vegar som bør vera kommunale, seier rådmannen til VTB.

Rådmannen skisserer at det til dømes vil koste 4,7 millionar kroner for å utbetre tre vegar i Tveitgrend; Kasinvegen (asfalt), Sandoddvegen (fresing, høvling og valsing) og Tveitgrendvegen (fresing, høvling og valsing).

Artikkelen held fram under annonsen.

– Tilstanden er likeeins på dei resterande kommunale vegane, slik at dette er berre ein av fleire investeringar som er naudsynte, skriv rådmannen.

Mange klager

– Kor lang tid vil det ta å ta att etterslepet?

– Ein er langt frå å kome i mål med 2,5 millionar kroner i året, men det vil hjelpe. Heilt ferdig blir ein vel aldri, seier Tveit.

– Kor er det mest prekært?

– Det er fleire utfordringar, som dårlege bruer, generelt dårleg vegstandard og stader der vegar burde vore lagt om, svarar han.

Rådmannen ventar stor debatt om temaet. Han veit at veg er blant det innbyggjarane er mest opptatte av.

– Det er veg me får mest klager på, seier han.

Saka skal til hovudutvalet for samfunnsutvikling og drift tysdag. Endeleg avgjerd blir tatt av kommunestyret 14. desember.

Artikkelen held fram under annonsen.

Særskilde grunnar

I saksutgreiinga viser rådmannen til veglova der kommunane har rett til å leggje ned kommunale vegar. Det må vera særskilde grunnar til for å oppretthalde kommunale vegar. Kommunen har utarbeidd fem kriterier som utgangspunkt:

– Samleveg for lange private vegar med tett busetnad i grender, bygder, sentrumsområde eller byggjefelt.

– Viktig gjennomkøyringsveg der vegen har direkte utkøyring på riksveg/fylkesveg, veg i kommunale byggjefelt for faste bustader.

– Veg med kommunalt vass- og avløpsnett.

– Veg der det ligg interkommunale/kommunale institusjonar/anlegg med fast tilsette og der det er behov for at ålementa har tilgang.

– Vegen nyttast i hovudsak av folk med fast bustad.

Desse kommunale vegane er føreslått at blir private:

Ordal

Ordalsvegen (frå krysset ved Sandlandsvegen)

Artikkelen held fram under annonsen.

Slettemeåsvegen

Brunkeberg

Åsmundtveitvegen

Hauglandvegen (på veglista, men ikkje vedlikehald i dag)

Kyrkjevegen (delvis)

Morgedal

Håtveitvegen

Bjålandvegen

Artikkelen held fram under annonsen.

Kviteseid

Granlivegen

Stålandvegen (på veglista, men ikkje vedlikehald i dag)

Spjotsoddvegen

Straumanvegen

Flatinvegen

Hommanvegen

Tveitgrend

Artikkelen held fram under annonsen.

Tveitgrendvegen

Sandoddvegen

Vrådal

Kviteseidvegen i Vrådal (til gamle Bakeriautomasjon)

Fjågesund

Bergstovegen

Hassvikvegen

Vråliosen

Vråliosvegen (vegen inn til det gamle hotellet)

Skreosen

Tyrivegen (når området blir omregulert)

Rådmannens kommentarar:

– Håtveitvegen og Bjålandsvegen har begge infrastruktur i form av vatn og avløp, men idesse tilfella er det berre leidningar som kryssar vegane og ikkje ligg i vegen. Vatn- og avløpskummar er i all hovudsak lokalisera utanfor vegbanen.

– Tveitgrendvegen, Hommanvegen, Sandoddvegen, Ordalsvegen (frå Sandland),

Bjålandsvegen, Håtveitvegen, Bergstovegen og Åsmundtveitvegen er alle grendevegar

som i særs liten grad oppfyller krava. Vegane har og likskapar som gjer at

desse vegane bør handsamast likt og såleis leggast ned.

– Straumanvegen og Spjotsoddvegen har både industri og noko busetnad. Me meiner

desse skal vere private då det er industrien som står for det meste av trafikken, og det

bør dannast veglag der alle bebuarane og aktørane er med.

– Spjotsodd brygge, Sondre Norheims fødestad i Bjåland og Fjågesund brygge er alle

turistmål. Dette bør ikkje vere grunn for at vegen skal vere kommunal då eigar/drivar

kan vere med i veglaget på lik linje med andre oppsittarar vegen. Dette er og for at det skal vere rettferd overfor andre grender som ikkje har turistmål. Desse vegane bør derfor leggjast ned på lik linje med andre.

– Vegar som står i veglista som Hauglandvegen og Stålandvegen har me i dag ikkje

vedlikehald, men om det skal vere tvil så er desse tatt med. Desse vegane skal ikkje

vere kommunale.

Desse vegane er føreslått framleis kommunale:

Åsgrend

Åsgrendvegen

Ordal

Ordalsvegen til krysset ved Sandlandsvegen

Brunkeberg

Kyrkjevegen (delvis)

Hellebruvegen

Kviteseidvegen (til oppvekstsenteret)

Morgedal

Morgedalsvegen

Vårstaulvegen

Vrådal

Åslandvegen

Roarvegen

Vebrekkvegen

Krokvegen

Kvennhusvegen

Straumsnesvegen

Breidablikkvegen

Kviteseid

Høgvollvegen

Garverivegen

Lauvstadvegen

Oppebøenvegen

Utsiktvegen

Tegelverkvegen

Knut Taraldsens veg

Cloumannvegen

Tormod Knudsens veg

Skulevegen

Selandvegen

Gotuholtvegen

Lundenvegen

Midtsundvegen

Granlivegen (delvis)

Tveitgrend

Kasinvegen

Rådmannens kommentarar:

– Kasinvegen held fram som kommunal då dette vert samleveg for Øyanvegen,

Hommanvegen, Tveitgrendvegen, Cloumannvegen og Sandoddvegen. Det same kan

ein sei om Ordalsvegen som er samleveg for Sandlandvegen, Geirvollvegen og

Sandlandvegen og Geirvollvegen gjer at me foreslår å behalde vegen opp hit. I tillegg

blir lengda på vegen som vert privat noko kortare.

– Åsgrendvegen bør halde fram som kommunal veg då dette er ein gjennomfartsveg i

tillegg til å vere ein samleveg.

– Gotuholtvegen bør halde fram som kommunal veg då dette er ei viktig gjennomkjøring og snarveg mellom Dalanvegen og Rv41.

 – I Morgedal bør Morgedalsvegen halde fram som kommunal veg. Dette er ein samleveg og gjennomfartsveg med fleire utkjøringar på E134.

– Vårstaulvegen held fram som kommunal då dette er eit kommunalt byggefelt med

viktige vatn og avløpsleidningar som ligg i vegen.

– I Kviteseid bør Lundenvegen, Selandvegen, Skulevegen, Tormod Knutsens veg,

Cloumannvegen, Tegelverkvegen, Utsiktsvegen, Oppebøenvegen, Lauvstadvegen,

Garverivegen, Høgvollvegen, Granlivegen (delvis) og Midtsundvegen halde fram som

kommunale vegar. Desse ligg i sentrum av Kviteseid og/eller i kommunale byggefelt

med viktige vatn og avløpsleidningar i vegen. I vegar som Skulevegen, Lundenvegen,

Knut Taraldsens veg og Midtsundvegen er det og kommunale institusjonar og bygg der det er viktig med tilkomst for ålmenta.

– På Brunkeberg og Hellebrui bør Hellebruvegen halde fram som kommunal veg då dette er eit kommunalt byggefelt og hovudleidningen ligg i vegen opp til høgdebassenget.

– Kyrkjevegen på Brunkeberg held fram som kommunal veg fram til krysset ved

Omtveitvegen då dette er ein naturlig plass å stoppe om ein nyttar samlevegprinsippet.

– I Vrådal bør Åslandvegen, Kvennhusvegen, Vebrekkvegen, Roarvegen og Krokvegen halde fram som kommunale vegar då dette er kommunale byggefelt med vatn og avløpsleidningar i vegen. Det same gjeld Tyrivegen i Skreosen. Straumsnesvegen som går ut til idrettsanlegget, skulen og barnehagen held og fram som kommunal veg, medan vegen inn til det gamle hotellet i Vråliosen vert lagt ned.

– I tillegg til desse vegane som er nemna i liste kjem kommunale sykkel- og gangstiar.

Desse vil halde fram som kommunale då desse egnar seg dårleg for at det skal vere

ulike aktørar som har eit delt ansvar.