Snart kan du høyre innlegga til Lars Bjaadal (Sp) og dei andre folkevalte både frå talarstolen i kommunestyresalen i Seljord og via web-overføring.
Snart kan du høyre innlegga til Lars Bjaadal (Sp) og dei andre folkevalte både frå talarstolen i kommunestyresalen i Seljord og via web-overføring.

Vil gjere politiske møte meir tilgjengelege

Dei folkevalte i Seljord har fram til nå gått fram til talarstolen for å snakke for dei frammøtte. Nå ynskjer politikarane at møta skal bli meir tilgjengelege og bli lagt ut på weben.

Då formannskapet kom saman tidlegare denne månaden vedtok dei at kommunen skal kjøpe inn utstyr for 75 000 kroner til web-overføring av kommunestyremøte. I kveld gjer kommunestyret det endelege vedtaket i saka.

Utstyret kommunen treng vil bli finansiert frå momskompensasjon med 15 000 kroner og 60 000 kroner frå «Prosjekt 111 kommunestyresal» som blir henta frå bundne investeringsfond. Driftskostnadane blir henta frå den delen av budsjettet som omhandlar IT.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ynskje frå Ap

Det var Halfdan Haugan, ordførar og leiar i Seljord Arbeidarparti, som tok initiativ til denne saka i desember i fjor. Arbeidarpartiet sendte eit brev der dei bad rådmannen leggje fram ei sak om dette for kommunestyret.

– Web-overføring vil medverke til aktive og opne politiske prosessar, og gje innbyggjarane høve til å fylgje dei politiske debattane i kommunestyret, meiner Arbeidarpartiet.

Til den nye kommunestyresalen på kommunehuset blei det løyvd 1 million kroner. Av desse står det att 102 000 kroner på det bundne investeringsfondet for «Prosjekt kommunestyresal».

Samanliknar med Hjartdal

Rådmannen skriv i saksutgreiinga at det førebels ikkje er henta inn prisar på webutstyr, men som ein peikepinn kan ein sjå til Hjartdal kommune som har investert i utstyr til web-overføring frå kommunestyremøta. Dei hadde ein kostnad på om lag 75 000 kroner, og ein årviss driftskostnad på 8 000 kroner, skriv rådmannen.

Då formannskapet gjekk samrøystes inn for å starte med weboverføring blei det fyrst eit lite ordskifte om overføringa frå kommunestyret kunne bli skremmande for nye politikarar.

– Eg trur politikken vil bli litt meir tilgjengeleg om kommunestyret blir lagt på nett. Me ynskjer å ha eit meir ope og tilgjengeleg møte, sa ordførar Halfdan Haugan.

– Senterpartiet og eg er veldig positive til å starte med weboverføring. Ta til dømes ungdomen. Dei går ikkje på eit politisk møte, men kanskje web kan vere ein inngang til politikken for dei, uttala Beate Marie Dahl Eide.

I dag har ein høve til å fylgje kommunestyremøta til Vinje, Fyresdal og Tokke via web, medan Nissedal og Kviteseid ikkje har dette enno.