Nissedal Sp og ordførarkandidat Anne-Nora Oma Dahle ser etter maktskifte. Då er ikkje Ap og dagens ordførar Halvor Homme den som no er invitert til samarbeid.
Nissedal Sp og ordførarkandidat Anne-Nora Oma Dahle ser etter maktskifte. Då er ikkje Ap og dagens ordførar Halvor Homme den som no er invitert til samarbeid.

Vil ha borgarleg blokk

Nissedal Sp vil tilbake i posisjon, og har invitert KrF, H og Frp til å danne fireparti-blokk før valet. Ordførar Halvor Homme (Ap) meiner det politiske grepet er for å skvise han ut.

Etter valet for fire år sidan måtte Sp-ordførar Anne-Nora Oma Dahle gje frå seg ordførarklubba til Halvor Homme (Ap). Det skjedde etter at partiet hans klarte å kome i posisjon ved eit samarbeid med KrF og Høgre.

Ein månad før valdagen er Sp skikkeleg på hogget for å kome inn att i maktvarmen. Partiet ynskjer å få til eit borgarleg samarbeid alt no.

Artikkelen held fram under annonsen.

«Me vil prøve å samle ei blokk som fordelar posisjonar som ordførar, varaordførar og formannskapsplass etter storleik på partia etter valresultatet», skriv Sp i ein invitasjon til KrF, Høgre og Frp.

Innan valkampen startar for alvor ynskjer Sp ei avklaring om dei andre borgarlege partia vil vere med på eit samarbeid som gjer veljarane i stand til å vere med og avgjere kven som skal styre kommunen dei neste fire åra.

Mål nummer ein

– Mange av veljarane har lurt på kven me vil samarbeide med. Veljarane synest det er meir realt at dei får greie på det før valet. Me fekk ein del tilbakemeldingar etter førre val at folk ikkje såg dagens blokk kome. Hadde dei gjort det, ville dei stemt annleis, seier ordførarkandidat Anne-Nora Oma Dahle om invitasjonen styret i Sp bestemte seg for å sende til dei tre andre borgarlege partia.

– Kvifor ikkje invitere Ap no?

– Det kunne me gjort. Nasjonalt, regionalt og lokalt tidlegare har Sp hatt godt samarbeid med Ap. Me kom til ein analyse der veljarane vel dagens blokk med Ap, KrF og Høgre, eller ei ny blokk. Då valde me å kome med ei blokkløysing. Mål nummer ein er at Sp kjem i posisjon. Det neste er kven kan me skape eit samarbeid saman med, svarar Dahle.

– Er blokkinvitasjonen taktikk for å skvise Ap?

– For meg er det ikkje utenkjeleg å samarbeide med Ap, svarar Dahle.

Fleirtal i dag

Sp hadde fram til VTB byrja å jobbe med saka ikkje fått svar frå nokon av dei tre andre partia.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg ser fram til at partia tek stilling til saka, seier Dahle.

Som nemnt var det KrF som var med og sikra Ap ordførarstolen ved sist val. Om KrF seier nei til invitasjonen no frå Sp, gjev ikkje Dahle opp tanken om ei blokk.

– Me går gjerne ut til veljarane med eit alternativ der det er blokk saman med Høgre og Frp, om dei vil, seier Dahle.

Ho ser fordelar med å servere veljarane ei blokkløysing før valet.

– Veljarane får i større grad vite kva dei får. Vidare trur eg ei blokk kan motivere til å auke valdeltakinga, seier ordførarkandidaten til Sp.

I denne perioden har Sp fem mandat i kommunestyret, og Frp og Høgre to kvar. Hadde dei vore i blokk, ville det gjeve fleirtal og posisjon. Ap har fem representantar og KrF tre.

Føretrekkjer KrF og Høgre

Ordførar Halvor Homme (Ap) er ikkje kjent med blokkplanen til Sp når avisa slår på tråden.

– Alle borgarlege i ei blokk? Ja, ja, ja, men det må Sp få lov til å spørje om, seier Homme.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Blir det gjort for å skvise deg?

– Ja, det reknar eg med, svarar ordføraren.

Han påpeikar det gode samarbeidet med KrF og Høgre denne perioden, og håpar trioen kan halde fram slik også etter haustens val.

– Me har oppnemnd eit forhandlingsutval med mandat valnatta og etterpå, men utvalet vil også sondere terrenget før valet, seier Homme.

– Kva parti tenkjer de på?

– KrF og Høgre er føretrekt, svarar Ap-toppen.

– Blir det samtaler før valet?

– Det blir i alle fall sonderingar, svarar Homme.

Artikkelen held fram under annonsen.

Vil vente til valet er over

Ser ein på historikken til KrF minner ordførarkandidat Geir Christian Enger om at partiet hans i fleire periodar har samarbeidd med andre på ein god og konstruktiv måte. Kva så med blokkinvitasjonen frå Sp alt no?

– Me landar på at me takkar for førespurnaden, men går inn i forhandlingar etter valet, seier Enger.

– Men om KrF blir størst i blokka Sp ynskjer, kjem du til å bli ordførar!?

– Ei blokk kunne slått båe vegar. Plusset er at viss me no hadde gått ut med å vere i blokk med Sp, kunne Sp mista røyster til KrF, fordi folk ynskjer KrF-ordførar i staden for Sp-ordførar. Minuset er at KrF kunne tapt på blokkløysinga. Folk kunne stemt på Ap for å unngå å få Sp i posisjon. Då kunne me tapt røyster til Ap. Me kunne hatt blitt mindre enn Sp, og dermed ikkje fått ordføraren, svarar Enger.

I tenkjeboksen

Ordførarkandidat Jørgen Olav Nes i Frp fortel at partiet har hatt nokon gode samtaler med Sp etter blokkinvitasjonen.

– Me er i tenkjeboksen, seier Nes om Sp-frieriet.

– De må bestemme dykk?

– Det er somme som bestemmer seg etter valet også, minner Nes om.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Om det blir ei blokk med ditt parti, Sp og Høgre kan det gje ein sjanse til at Frp får varaordføraren!?

– Ja. Og så kan me snu politiske ting. I dag brukar kommunen meir pengar enn han tener, svarar Nes.

Han fortel at partiet no skal ha eit internt møte om førespurnaden frå Sp, og reknar med at det kjem eit svar tilbake i løpet av helga.

Usemje

– Det er ryddig å vite kva veljarane går til val på, seier ordførarkandidat Tore Skåli (H) om invitasjonen frå Sp.

Skåli seier partiet hans skal svare seinast 27. august på folkemøtet i Treungen om det blir ja eller nei til å gå i blokk før valet.

– Me er ikkje einige. Nokon i Høgre vil ein veg, og andre ein annan veg, seier Skåli.

– Men du?

– Eg vil takke ja til invitasjonen frå Sp, svarar Skåli.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Seier du ja fordi blokk med til dømes Sp, Høgre og Frp gjev deg ein sjanse til å bli varaordførar?

– Eg takkar ikkje nei til å bli varaordførar om eg får sjansen. Men det viktigaste med ei slik blokk er å få ny kurs. Me er nøydd til å gå gjennom den kommunale drifta, for det blir bruka for mykje pengar, svarar Skåli.