Magne Reinstaul (H, t.v.), Edvard Mæland (H), Aud Jonskås (Ap) og Eivind Skogheim (Ap) samla seg for å sy saman framlegg til vedtak.
Vil ha ei hand på rattet
Seljord kommune vil ha vetorett på vedtektsendringar i Århus næringspark AS. Kommunen krev også at minst halvparten av eit eventuelt overskot skal bli bruka til å vidareutvikle området.
Kommunestyret i Seljord sa torsdag med 23 mot 2 røyster ja til saman med Seljord sparebank å etablere Århus næringspark AS. Politikarane sette fleire krav til etableringa som er tenkt å gje grobotn for varige arbeidsplassar.
Magne Reinstaul (H) og Eivind Skogheim (Ap) var blant dei som frå talarstolen åtvara mot å vedta rådmannens framlegg slik det låg føre. Etter at kommunen og banken har etablert selskapet med totalt 2,5 millionar kroner, er det skissert å invitere investorar med for å auke aksjekapitalen til 10 millionar kroner.
– Så fort det blir utvida til 10 millionar kroner blir kommunen ein liten eigar, og har inga styring over utviklinga. Det er vesentleg å sikre eigarskapen. Private investorar kan overkøyre kommunen heilt, sa Magne Reinstaul.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP