Vil ha fleire søkjarar til rådmannsstillinga

Søknadsfristen til den ledige jobben som rådmann i Seljord kommune er forlenga.

Thomas H. Gundersen var innstilt til stillinga som ny rådmann i Seljord kommune, men av personlege årsaker trekte han søknaden før kommunestyremøtet 18. mai. Denne veka har administrasjonsutvalet i kommunen diskutert den vidare vegen. Dei konkluderte med at dei ynskjer fleire kandidatar før ein gjev den endelege innstillinga til kommunestyret.

– Det betyr at søknadsfristen er forlenga. Administrasjonsutvalet arbeider med å ha ei innstilling klar til ekstraordinært kommunestyremøte 29. juni, melder ordførar Halfdan Haugan i ei pressemelding.

Artikkelen held fram under annonsen.

Fristen er utvida til 15. juni. Administrasjonsutvalet diskuterer saka 16. juni. 

12 personar har søkt på den ledige jobben som rådmann. 8 av desse gjekk vidare til fyrste intervjurunde. Til finaleveka stod det att 4 kandidatar, før Gundersen blei tilbode jobben.