Heilt tilfeldig dukka Afi Boon frå Åmot opp då VTB var utanfor stemmelokalet på Sagene. Gamle kjente fekk difor ein prat om politikk og kva som hadde skjedd sidan sist.
Heilt tilfeldig dukka Afi Boon frå Åmot opp då VTB var utanfor stemmelokalet på Sagene. Gamle kjente fekk difor ein prat om politikk og kva som hadde skjedd sidan sist.

Vil ha regjeringsskifte

Sentralisering, skulepolitikk og ny regjering er stikkord for kva ein lærar frå Åmot og ein komande tannlege frå Lårdal ser på som viktigast.

Unge vesttelar i storbyen

Dei fleste studentar og unge vesttelar høyrer framleis til i heimkommunen sjølv om dei bur andre stader. Kva er det dei unge er oppteken av, og har saker i Vest-Telemark noko å seie når dei tek valet sitt? Me reiste til Oslo for å møte dei unge førehandsrøystarane.

 

Det er berre ein liten busstur austover i byen til neste møtestad. Me hoppar av på Sagene i bydelen med same namn og 42.000 innbyggarar. I parken utanfor ærverdige Sagene kyrkje er det sett opp eit provisorisk røystelokale med store plakatar for å få folk til å røyste. Mistar ein bussen og må vente på neste, kan ein rett og slett nytte ventetida på å bruke røysteretten.

Artikkelen held fram under annonsen.

Fylkessamanslåinga påverkar

Rett frå jobb på Bygdøy skule kjem Aslak Omdal Tveito (25) frå Åmot tuslande. Etter å ha tatt lærarutdanning i Bergen, gjekk han eit år med idrett på Norges idrettshøgskole i Oslo, før han begynte som lærar i haust. Me står berre i nokre minutt utanfor røystelokalet før ein sambygding heilt tilfeldig dukkar opp.

– Nei, goddag, det er kjentfolk her jo, helsar Afi Boon frå Åmot på Aslak på veg ut av frå røystelokalet.

Han jobbar som advokatfullmektig i Oslo, men er framleis folkeregistrert heime i Åmot og må difor førehandsrøyste. Eigentleg må han springe, men me rekk eit kjapt spørsmål om kva som har viktig for han når han valde parti.

– Eg stemmer alltid forskjellig på stortingsog kommuneval. Nå må eg ærleg innrømme at eg ikkje tenkjer så mykje på telemarkspolitikk, men kanskje det med samanslåing av fylka har påverka valet mitt litt. Elles går skilje mellom raudgrønt og blått, det er dei store nasjonale spørsmåla eg tenkjer på, seier Afi før han må haste vidare.

Like etter kjem Bente Bakke (23) frå Lårdal gåande, ikkje fullt så tilfeldig. Ho er tannlegestudent på siste året og har hatt ein lang dag med klinikkarbeid på Lovisenberg. Ho røysta i dette lokalet på Sagene for nokre dagar sidan. Aslak har også førehandsrøysta. Nå set ho seg ned saman med vinbyggjen på ein benk like framfor lokalet folk hastar inn og ut av på veg heim frå jobb.

Tenkjer mest nasjonalt

Kva er det dei to har vektlagt når dei har brukt røyste retten sin?

Artikkelen held fram under annonsen.

– Denne gongen har eg tenkt at eg ynskjer eit regjeringsskifte. Eg har kanskje tenkt litt taktisk og kor mykje mi stemme vil bety for å vippe fleirtalet, fortel Bente.

– Eg er heilt einig med Bente. Eg har tenkt gjennom kven eg vil ha som statsminister og har funne ut at eg vil ha eit skifte. Då var det eigentleg eit greitt val i år. Eg har funne dei eg er mest einig med, seier Aslak.

– Ein blir jo aldri heilt einig med eitt parti heller, legg Bente til.

Dei nikkar samtykkande. Men kor mykje har distriktspolitikken og politikarane der å seie for vala dei tok? For desse røystene går begge til Telemark, sjølv om Aslak meldte flytting i sommar var det for seint til å bytte valkrins.

– Eg må ærleg innrømme at eg tenkjer mest nasjonalt denne gongen. Eg bur jo i Oslo nå og det er på ein måte ikkje Telemark som påverkar kvardagen min akkurat nå, seier Bente.

Aslak fortel at han var på den politiske debatten på Vinjedagen og meiner han kan ha blitt litt påverka der.

– Eg har jo kikka litt på kven som er representantar frå Telemark. Det har jo litt å seie, men stort sett er det nasjonalt og politikarane ein ser på fjernsynet som har mest å seie. Samtidig er det viktig å få inn politikarar frå bygda som veit kor store forskjellane frå by til bygd er, og hugsar på at ein ikkje skal marginalisere bygdene, seier Aslak.

Må vere liv i distrikta

Artikkelen held fram under annonsen.

Det er mange viktige saker stortingskandidatane våre ser på som kampsaker om dei slepp til på tinget. Store vegprosjekt, bevare dei vidaregåande skulane og stoppe sentraliseringa er nokre av dei. Er det dei same distriktssakene dei unge tenkjer på som viktige?

– Eg har jo lyst til å flytte heim ein gong, så det er klart det er viktig for meg at ikkje sentraliseringa tek heilt overhand. Det er viktig at det framleis skjer ting i bygdene, og at ikkje alt blir lagt ned og flytta. Det må vere liv i distrikta, då blir det mykje meir attraktivt for unge å flytte heim, seier Aslak.

– Heilt einig. Sjølv om eg ikkje har tenkt så mykje på om eg skal flytte heim eller ikkje. Men om alt blir kutta heilt ned så blir jo ikkje det veldig attraktivt om nokre år, seier Bente.

– Kva er det viktigaste politikarane må gjere for at de skal vere aktuelt å flytte heim?

– Arbeidsplassar er nok kanskje det viktigaste. Men dei må leggje til rette for at det er nok tilbod slik at det ikkje blir heilt daudt, seier Aslak.

– Heilt sant. Berre ta lyntog for eksempel. Hadde det vore der ville det vore mykje enklare å flytte heim eller pendla for den saks skuld. Arbeidsplassar og at ein skal kunne trivst sosialt er viktig, legg Bente til.

Ingen av dei er to trufaste veljarar.

– Nei, eg har nok røysta forskjellig nesten kvar gong. Nå stod det mellom to parti, eg er nok litt usikker på om eg gjorde det riktige, seier Aslak med eit smil.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Nå har eg gjort forskjellig frå sist. Eg måtte flytte stemma eg gav sist over fordi eg ynskjer ny regjering. Når ein ser det går dårleg for Støre håpar eg jo at mi stemme vil påverke, meiner Bente.

Foreldra påverkar

Men akkurat nå i 2017 er det kvardagen i Oslo og livssituasjonen som lærar og student som er viktigast for valet.

– Når ein har begynt i jobb som eg har nå, merkar ein jo at det har noko å seie. Kva parti som lovar fleire lærarar, eller vil ha lekser i skulen til dømes.

– Korleis er det med sidemål der ute på Bygdøy? lurar Bente på.

– He he, nei dei er ikkje så glade i nynorsk der. I starten berre lo dei av dialekta mi og meinte det høyrtes ut som Flåklypa. Men det går betre nå, det er jo berre sunt for dei å høyre litt dialekt, flirer Aslak.

– Kva anna blir de påverka av. Media, familie, vener?

– Eg blir nok ein del påverka av det eg ser på fjernsyn på debattar og i nyheitene. Mamma og pappa påverkar nok ein del dei au, seier Aslak smilande.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Ja, ein får liksom påverknad frå Vest-Telemark via dei heile tida. Ein blir liksom dratt litt tilbake heile tida, ler Bente.

Dei er tydeleg engasjerte og ikkje minst spente på resultatet til måndag.

– Trur du det blir skifte? spør Bente, Aslak.

– Eg tippar det blir raudgrønt, men trur det blir veldig jamt og spennande.