Vil ha Solli mot Spania
Fotballekspertar i Noreg har sansen for Jan Gunnar Solli (22) og håpar dei får sjå han i løpet av kveldens kamp mot Spania. Hovudpersonen sjølv har eit godt håp om å starte den viktige kampen.
Det er ei snau veke sidan Jan Gunnar Solli frå Treungen avgjorde cupfinalen for Rosenborg med to skåringar i ekstraomgangane på Ullevaal. Nå er Solli klar for endå større oppgåver. I dag spelar Noreg den fyrste av to play-off kampar mot Spania. Ernst A. Lersveen skal kommentere kampen for TV2. Han har lenge vore ein stor tilhengar av Solli. Lersveen er ikkje i tvil om at Solli bør vere blant dei elleve Semb velgjer frå start.
Min stemme går til Vest-Telemark. Eg har vore svak for Jan Gunnar i mange år, og har nesten fått kjeft for det. Suksessen har ikkje kome gratis, men gjennom steinhard jobbing. Det gjer at eg er svak for typen, seier Lersveen.
Artikkelen held fram under annonsen.
Også er han ikkje nokon jålebukk, legg han til.
Internasjonalt snitt
Lersveen håpar og trur han får sjå Solli frå start på Mestalla i Valencia.
Han har eit internasjonalt snitt over spelet og er god til å utfordre ein mot ein. Ingen i Noreg er betre til å setje fart med ball. Dessutan har eg registrert at han har lært seg å skyte, held han fram.
TV2-kommentatoren har irritert seg over at Solli ikkje har starta kampane for Rosenborg, og får fylgje av tidlegare landslagssjef Egil «Drillo» Olsen.
Eg er blant dei som har stussa over at han har fått lite speletid i Rosenborg. Eg har sett for lite av han til å uttale meg om han bør starte, men det eg har sett av han har vore veldig positivt.
Europaklasse
NRKs fotballguru, Arne Scheie, er også blant dei som har fått sansen for ungguten. Han trur Solli kjem til å få registrert ein landskamp, men trur ikkje landslagsleiinga startar kampen med Solli.
Kva har Solli å tilføre Noreg?
Steget og drivet med ball. Nå såg me i cupfinalen at han kan skåre mål også. Solli kjem til å bli ein veldig viktig spelar for landslaget dei komande åra, seier Scheie.
Artikkelen held fram under annonsen.
Tek han like store steg dei komande to-tri åra kjem han til å bli i europaklasse, kyter Scheie.
Kjempespelar
TV2s fotballekspert Ivar Hoff meiner Solli bør bli fast på Rosenborg før han kan bli ein støttespelar med flagget på brystet.
Solli er ein kjempespelar som kjem til å bli ein markant spelar for landslaget dei komande åra. Eg håpar eg ser han i løpet av kampen mot Spania. Men om han ikkje får starte, bør ikkje bety noko for han. Sjansen vil kome, seier Hoff.
Spelar det noko rolle for landslaget?
Nei, det er mange på høgde med han i troppen, meiner Hoff og legg til at me ikkje får sjå Solli i EM.
Kvifor ikkje?
Me er ikkje med der, kjem det kjapt frå Hoff.
Optimist
Jan Gunnar Solli har på dei siste treningane blitt drilla som indreløpar i fyrsteellevaren. Han har eit godt håp om å få spele, men prøvar å ikkje tenke for mykje på det.
Eg er optimist. Det er ein tillitserklæring å få vere aktuell for å starte kampen, men det kan også vere fordi landslagssjefen er usikker på meg og ynskjer å sjå meir av meg, seier Jan Gunnar Solli.
Artikkelen held fram under annonsen.
Han har tatt med seg mykje god sjølvtillit etter han avgjorde sundagens cupfinale med to skåringar.
Det er rart med det. Cupfinalen gav meg mykje ekstra sjølvtillit og eg treng det, meiner han.
Solli har fått lite tilbakemeldingar frå landslagssjefen, men kan fortelje om god stemning i laget. Han trur Noreg vil gå veldig defensivt ut, men håpar dei også skal klare å etablere spel på Spanias banehalvdel.
Me vil nok vere godt fornøgde med uavgjort, seier Solli.
I kveld klokka 22.00 kan han få registrert sin tredje landskamp, og kan hende den fyrste frå start. I den viktigaste landskampen Noreg har spelt på lang tid.