Arkitektfirmaet Rambøll AS har laga dette kartet der den nye strekninga
Arkitektfirmaet Rambøll AS har laga dette kartet der den nye strekninga

Vil ha vekk flaskehalsar

Det ligg føre planar om å legge om vegstrekninga frå Åmot til Vinjesvingen. Prosjektet er kostnadsrekna til 450 millionar kroner, og truleg blir det ikkje realisert før om 10-15 år. – Me har fått laga ei prosjektskisse som har plassert vegen på vestsida av Vinjevatn. No handlar det om å få prosjektet med i Nasjonal Transportplan (NTP), seier Børge Skårdal, leiar i AS Haukelivegen.

Den om lag 14 kilometer lange strekninga er problematisk spesielt for tungtrafikken vinterstid. Mange bakkar og skarpe svingar i tillegg til vogntog som er for dårleg skodde, har ført til store trafikkproblem gjennom fleire vintrar. Derfor er det ynskjeleg både med tanke på tryggleik og logistikk å legge om heile strekninga.

Godt grunngjeve

– Me har fremja ynskje til Statens vegvesen om å starte planlegging av ny veg på strekninga. Planleggingsmidlane er stilt til rådevelde, og eg føler ynsket er særs godt grunngjeve, seier dagleg leiar i AS Haukelivegen, Børge Skårdal.

Artikkelen held fram under annonsen.

Tysdag var det møte i Vest-Telemarkrådet, og rådet hadde ingen problem med å slutte seg til ynsket.

Prisen på 450 millionar betyr at kvar løpemeter kostar om lag 32.142 kroner. Då er planen å legge vegen på vestsida av Vinjevatn.

– Då er det planlagt nokre småtunellar på grunn av den bratte fjellsida langs vatnet, og det er medrekna nødvendige bruer. Traseen blir slett og veldig bra slik han er planlagt. Arkitektfirmaet Rambøll AS har teikna og kalkulert prosjektet, fortel Skårdal.

Stiller i kø

Målet er no å få vegstubben inn i Nasjonal Transportplan (NTP) snarast råd, slik at prosjektet kan bli realisert. Men Skårdal erkjenner at det er lang kø å stille seg i.

– Me snakkar nok om ein 10-15 år fram, og det er mange store prosjekt føre oss i køen. No skal strekninga Århus-Gvammen påbyrjast i 2012, og slik det ser ut no vil arbeidet med nye Haukelitunellar ta til i 2014, forklarer han.

Han gjev ros til Statens vegvesen i regionen for at dei har vore på offensiven i høve til riksveg 41, og han er viss på at det er semje om at strekninga mellom Åmot og Vinjesvingen er mogen for utbetring.

– Det er stor forståing for behovet. Kampen om midlane er hard, og det viktige no er å få ein plass i køen slik at prosjektet kan bli gjennomført i framtida, seier han.

Gode løysingar

– Ved å velje den skisserte løysinga med å lage ny veg, vil også trafikkavviklinga under anleggsperioden bli enkel sidan dagens veg vil kunne nyttast, legg han til.

Artikkelen held fram under annonsen.

I effektberekninga er det konkludert med ei tidsinnsparing på 4-5 minuttar, og det er også rekna ut at årleg redusert risiko for ulykker er verdsett til fem millionar kroner. I tillegg blir det peika på at mjuke trafikkantar bli mindre utsett og støyplagene for busetnaden langs vegen blir sterkt redusert. I den nye traseen blir høgdemeterane redusert med 70% (230 meter), og det bør bety atskillig enklare trafikkavvikling.

– Strekninga er problematisk slik ho er i dag. Berre sist måndag stod det fleire vogntog i Kjeringdalen, oppsummerar Børge Skårdal.