Vil ikkje betale for barnehageplass i nabokommunen
Kviteseid-politikarane sa nei til å betale for ekstra bemanning i barnehagen i Fyresdal. Dermed må Kviteseid-familien som har søkt om barnehageplass i Fyresdal nøye seg med plass på Straumsnes.
I torsdagens kommunestyre i Kviteseid diskuterte politikarane ei sak som omhandlar ein familie busett kommunen sitt ønske om ein barnehageplass i Fyresdal.
– Dette er ei sak som rører éin familie, men det kan bli presedens etter eit eventuelt vedtak. Her er det mange ting å ta omsyn til, sa ordførar Tarjei Gjelstad (Ap).
Artikkelen held fram under annonsen.
– Dette er ein konsekvens av at barnehagen i Fyresdal begynnar å bli full. Viss dei skal ta imot desse ungane må dei auke bemanninga i eigen barnehage. Difor ønskjer dei å dytte den rekninga over på Kviteseid, sidan barna kjem herfrå. Og det har eg forståing for. Vår utfordring er at me har ledige plassar på Straumsnes, og gjerne skulle sett at ungane gjekk der. Me òg treng eigentleg inntektene me kan få. Og så er det noko med å gje eit godt tilbod på Straumsnes. Eg ser at dette er vanskeleg for foreldra. Det går ikkje opp med tanke på den praktiske gjennomføringa. Og så blir det ganske mykje pengar for Kviteseid kommune sin del. Fyresdal har alt lova dei to eldste barna i denne familien barnehageplass fram til dei begynnar på skulen. Så det er berre snakk om det yngste barnet. Me må ta ein diskusjon på kva me skal seie ja til og ikkje, men det er også ei vurdering frå gong til gong, sa rådmann Øystein Tveit.
Summen det vil vera snakk om er rundt 100 000 kroner.
Usemje blant politikarane
Varaordførar Tarjei Draugedal (Krf) meinte at det ville vera rett av Kviteseid tok rekninga. Han sa at dette er ei av dei viktigaste sidene av interkommunalt samarbeid.
– Eg representerer truleg ikkje heile partiet, men det er no så. Dette er ei sak der eg synest me skal etterkome ønsket til foreldra. Me snakkar mykje om interkommunalt samarbeid, men det er dette som verkeleg er samarbeid mellom kommunane. Eg vil seie ja til dette, sa han.
Det ville ikkje Anne Birgit Sollid (Sp). Ho vil ta heile Kviteseid kommune i bruk.
– I prinsippet ønskjer eg at me skal ta heile Kviteseid kommune i bruk. Problemet i denne saka er at når me ser tala for Straumsnes oppvekstsenter – og eg ønskjer meg at det skal bestå – så er dette rekruttering til Straumsnes. Det er viktig å gje folk i den delen av kommunen dette tilbodet. Så eg vil gå for rådmannen sitt forslag om å seie nei til dette, sa ho.
Svein Henriksen i Arbeidarpartiet kom med eit eksempel på ein liknande situasjon, der kommunen ikkje blir fakturert.
– Dette er ei prinsippsak, som rådmannen var inne på. Eg bur i ein utkant av kommunen, og eg veit at fleire i bygda eg bur i kunne tenke seg å bruke tilbodet i Seljord. Eg har høyrt rykte om at det er ei tilsvarande sak ein annan stad, men det er då eit barn som går i barnehage i Tokke. Tokke fakturerer visst ikkje Kviteseid for det. Så viss me skal bruke Vest-Telemarkrådet til noko burde det vera dette. Der skulle ein tru dei kunne engasjere seg. Sannsynlegvis kjem det fleire liknande saker seinare. Så eg vil oppmode ordføraren til å køyre dette vidare i rådet, sa han.
Artikkelen held fram under annonsen.
Tore Aasland (Ap) bad om gruppemøte.
– Me har vore litt delt på gruppemøta. Men det har vore ein diskusjon som har gått på det prinsipielle og presedens, dette med at foreldre seinare kan kunne presse kommunen til å gjera det same. Me er òg veldig opptekne av å bevare dei oppvekstsentera me har. Me har eit nytt forslag til vedtak. Det er då frå Ap, Venstre og fleirtalet i Krf: I tillegg til rådmannens vedtak som alt ligg klart, ber kommunestyret ordføraren om å ta opp saka i Vest-Telemarkrådet, om å vurdere å få til ei avtale lik den me har for skulebarn i Vest-Telemark, sa Aasland.
Det nye forslaget blei vedteke 18 mot 3.