Faksimile VTB 9. januar 2018
Faksimile VTB 9. januar 2018

Vil ikkje sende skuleelevane med ferja

Nissedal-rådmannen føreslår å leggje ned Fjone skule og flytte elevane til Treungen. Det er ikkje forsvarleg å satse på ferjeskyss for å kome til Kyrkjebygda skule, meiner han.

Som VTB skreiv tidlegare denne månaden meiner Nissedal-rådmannen at Fjone skule bør leggast ned alt frå i haust. Då vil det berre vera fire elevar att på skulen. Torsdag kjem saka til formannskapet i Nissedal med den varsla tilrådinga om nedlegging av skulen.

Det er i dag elleve elevar ved skulen, men det er søkt om, og godkjent, fem søknader om skulebyte frå Fjone til Tveit i Treungen frå august. Ytterlegare ein elev skal heller ikkje gå på Fjone når skulen startar opp att til hausten. Dei føresette har grunngjeve søknadene om skulebyte med «eit for lite sosialt miljø» for barna. Prognosane no viser eit elevtal på 4,4,3,6 og 8 dei fem neste skuleåra.

Artikkelen held fram under annonsen.

Tydleg signal

I saka til formannskapet blir det varsla at kommunen sparer om lag 900 000 kroner neste år ved å leggje ned skulen. Rådmannen argum enterer for nedlegging med avgrensa fagleg/pedagogisk miljøet i per utfordringar med å skaffe personale, avgrensa sosialt miljø for elevane og svært høg kostnad per elev.

– Søknadene er eit tydleg signal om at skulen har kome til eit punkt der elevtalet er blitt for lite for vidare drift, konkluderer rådmannen.

Han forstår at dei som ikkje har søkt skulebyte, og som blir att, synest saka kan vera tung og vanskeleg. Skulen har fleire gonger vore truga av nedlegging, då er det kommunen som har føreslått dette. No er det eit fleirtal av brukarane som ynskjer at ungane skal gå på ein større skule.

I samband med ei eventuell nedlegging må også skulekrinsgrensene endrast. Rådmannen meiner elevane frå Fjone bør gå på Tveit skule i Treungen, sjølv om det for tida er heilårsdrift av Fjoneferja.

Skuleskyssen frå Fjone til Tveit skule blir, via Heimdal, rekna til 40 minuttar. Ved å bruke Fjoneferja vil skulevegen vera mellom 30 og 40 minuttar til Kyrkjebygda skule frå Vik. Fylket vil dekke 1/3 av driftsutgiftene til ferjedrift dersom den nyttast til transport av skuleelevar.

– Ungane blir unaturleg skilde

Kommunen veit ikkje om det er føresette på Fjone som ynskjer at elevane skal gå på Kyrkjebygda skule, og sjølv om det kan vera økonomisk gunstig med billigare skyss, meiner rådmannen alternativet ikkje er forsvarleg. Det blir vist til at det ikkje finst noko reserveløysing til ferja om det blir tekniske problem, eller at Fjonesundet frys att.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Viss elevane på Fjone skal starte på to ulike skular, blir ungane frå bygda «unaturleg» skilde, skriv rådmannen.

Han viser også til at det er alt er oppretta skuleskyss frå Fjone til Tveit, og rår til at elevane frå Fjone neste skulegår blir elevar ved Tveit skule i Treungen.

Saka skal etter planen ut på høyring med frist 1. april.

«Samarbeid mellom naudetatane?» Ytringar på side 16–18.