Tre kommunestyremedlemmar i Seljord krev lovlegkontroll etter nedlegginga av skulen i Åmotsdal.
Tre kommunestyremedlemmar i Seljord krev lovlegkontroll etter nedlegginga av skulen i Åmotsdal.

Vil kontrollere nedleggingsvedtak

Tre av kommunestyremedlemmene i Seljord krev lovlegkontroll etter nedlegginga av Åmotsdal skule.

Kommunestyrerepresentantane Anne Gro Kleivi (Frp), Jorunn Hegni (Sp) og Jon T. Aarbakk (Sp) har kravd lovlegkontroll av vedtaket frå oktober. Kommunestyret tek i kveld stilling til om avgjerda er blitt til på rett måte.

Dei tre meiner det ikkje har vore ein grundig gjennomgang av skule- og oppvekstsektoren, og at styringsgruppa dermed ikkje har fylgd mandatet kommunestyret gav i desember i fjor. Mellom anna viser dei til at berre eitt av dei ti alternativa til strukturgjennomgang er presentert økonomisk i høyringsdokumentet.

Artikkelen held fram under annonsen.

«Totalt kostnad 3,8 mill ÷ om lag 1,5 mill = om lag 2,3 mill. (…) På bakgrunn av desse tre tala har Seljord kommunestyre 18.10. 2012 fatta vedtak, som fleirtalet meiner er godt nok grunnlag for å leggje ned Åmotsdal skule,» skriv Kleivi, Hegni og Aarbakk i kravet om lovlegkontroll.

– Lovleg

Dei meiner «kommunestyret – på eit mykje mangelfullt grunnlag – i beste fall har teke stilling til ein strukturrapport,» og at det ikkje er presentert tal om reisetid, konsekvensanalysar og omsyn til barnets beste. Det avviser rådmannen, som meiner det er heilt klart at innstillinga frå styringsgruppa har status som innstilling og ikkje som ein strukturrapport. Rådmannen konkluderer med at det i saka ikkje er krav om konsekvensutgreiing. Han meiner også «barnets beste» har blitt vurdert.

Rådmannen meiner saka har blitt handsama på lovleg måte, og rår kommunestyret i Seljord til å stadfeste vedtaket. Kravet vil då gå vidare til Fylkesmannen. I utgreiinga til kommunestyret peikar rådmannen på at det har vore tre møte i styringsgruppa der skule- og barnehagesektoren har blitt diskutert før det blei laga ei innstilling med merknader, oversyn over høyringsprosessen, gjennomgang av uttaler, politiske merknader, framlegg frå mindretalet og frå fleirtalet.

«Til saman utgjer dette ein omfattande dokumentasjon som belyser saka frå fleire politiske sider gjennom høyringsuttaler frå dei politiske partia og politiske merknader i innstillinga. Spesielt høyringsuttalene belyser også saka frå fleire faglege vinklar, noko innstillinga bringer vidare. Denne prosessen er spesielt viktig for å undersøke om all informasjon i saka er gjort tilgjengeleg,» kommenterer rådmannen.

Han konkluderer med at styringsgruppa har lagt opp til ein prosess som har sikra at så mange synspunkt som mogleg har kome med i sakshandsaminga.

Han peikar også på at alternativet til nedlegging, generelle kutt på 4–5 prosent, er rekna på. Rådmannen viser også til talmaterialet og at desse er henta frå kommunens rekneskap, som kommunestyret sjølv har godkjent.

«Grunnlaget for dei økonomiske utrekningane er rett og dei omfattar relevante kostnadselement,» skriv rådmannen.

Til kontrollutvalet

Foreldreutvalet ved Åmotsdal skule har også klaga på nedlegginga av skulen. Dei meiner kommunen nyttar for lite – ikkje for mykje – på skule, at administrasjonen kjem med urette opplysningar, at dei andre alternativa ikkje er greidd godt nok ut og vurderte, at det er sviktande kunnskap om god forvaltningsskikk og at kommuneplanen er mykje mangelfull.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kontrollutvalet i Seljord får saka på bordet i møtet 17. desember.

Lovlegkontroll

– Etter kommunelovas paragraf 59 kan tre eller fleire medlemmar av kommunestyret eller fylkestinget bringe ei avgjerd tatt av eit folkevalt organ eller den kommunale eller fylkeskommunale administrasjonen inn for departementet for kontroll av om avgjerda er lovleg.

– Lovlegkontrollen er eit verkemiddel for å få ei avgjerd av rettsleg tvil eller usemje som oppstår i ledd i kommunal og fylkeskommunal sakshandsaming, utan å gå til domstolane.

– Kravet om lovlegkontroll blir fremja for organet som har tatt avgjerda. Om organet opprettheld avgjerda, blir saka sendt til departementet.

– Kravet gjer ikkje noko med iverksetjinga av avgjerda.