Vil lære mobbarane å oppføre seg
Nissedal-rådmann Sverre Sæter beklagar at det ikkje blei gjort noko då kommunen i fjor vår fekk melding om mobbing på Tveit skule.
Før jol skreiv VTB om at foreldre hadde sendt bekymringsmelding der dei fortalde at barn blir mobba på skulen. Det kom i brevet fram at mange ungar var redde for å gå på skulen, barn blir fryst ut av andre og mobba dagleg, og dei utviklar psykiske problem av mobbinga.
Feil framgangsmåte
Torsdag orienterer rådmannen kommunestyremedlemmene i Nissedal om tilhøva ved Tveit skule/Nissedal ungdomsskule i Treungen.
Artikkelen held fram under annonsen.
Frå saksutgreiinga til kommunestyret kjem det fram at anonyme foreldre alt i mars i fjor sendte ei bekymringsmelding til barnevernet i Vest-Telemark om tilhøva. Brevet vart også sendt til Fylkesmannen, som sendte det vidare til kommunen i april for vurdering og eventuell vidare behandling. Rådmann Sverre Sæter skriv i saksutgreiinga at kommunen på det tidspunktet gjorde lite for å fylgje opp ulike enkeltpunkt i brevet.
I ettertid ser ein at dette var feil framgangsmåte. Kommunen som skuleeigar skulle raskt og på ein offensiv måte tatt fatt i det som foreldra tok opp. Sjølv om brevet var adressert til andre fekk me det oversendt frå Fylkesmannen, og gjorde oss kjent med innhaldet. Me hadde difor godt høve til å gjere ulike tiltak. Eg beklagar at dette ikkje vart gjort på ein god nok måte den gong, skriv rådmannen.
I midten av desember blei brevet sendt på nytt, denne gong med underskrifter, og adressert til kommunen. Rådmannen seier han sidan då har fylgt saka tett, og vore i nær dialog med rektor og lærarar. Han ser eit klart behov for skikkelege rutinar for korleis ein handsamar bekymringsmeldingar.
For meg som rådmann betyr det lite om meldinga er anonym. Ofte kan det vere ei årsak til at ein vel å fremje ho anonymt, skriv rådmannen.
Skal straks gripe fatt i saka
Han er klar på at ein skal ta signala ein får på alvor.
I dette tilfellet dreiar det seg om kvardagen til unge, sårbare menneske, og ein kvardag dei opplever som smerteleg. Eg vil ha som rutine at når eg eller andre i administrasjonen mottek meldingar om tilhøve som oppfattast som kritikkverdige, så skal ein straks gripe fatt i saka, og leggje ho fram for dei ansvarlege for det aktuelle ansvarsområdet. Saman skal ein freiste så godt som råd er å avdekke det som måtte vera av substans i saka, og fylgje opp med rette tiltak, skriv rådmannen.
Rådmannen trekkjer fram konkrete eksempel på kva som no blir jobba med på skulen for å motverke mobbing:
Meir inspeksjon i friminutta.
Artikkelen held fram under annonsen.
Loggføring av uønskte hendingar.
Elevsamtalar og foreldresamtalar med trivsel og uønskt åtferd som tema.
Brukarundersøkingar i alle klasser.
Handheve trivselsreglane. Brot på desse får konsekvensar.
Treng tverrfagleg bistand
Rådmannen ynskjer at konsekvensane ved mobbing må bli synlege, og at alle må forstå at slikt blir slått ned på, og at det er nulltolleranse for mobbing.
Eit effektiv tiltak å nytte etter at ein elev har handla uklokt er å tvinge han/henne til å ringe heim å fortelje om hendinga, blir det skissert i saksutgreiinga.
Lærarane skal også bli meir direkte i tilbakemeldingane til dei føresette.
Mobbing eksisterar på Tveit skule/Nissedal ungdomsskule. Utfordringa vår er å lære mobbarane korleis dei skal oppføre seg. Til dette treng skulen tverrfagleg bistand frå både vernepleiar og barnepedagogar, avsluttar rådmannen utgreiinga til dei folkevalde.
Artikkelen held fram under annonsen.
Sæter seier til VTB at mobbinga ved skulen blir tatt med stort alvor. Dei har pusta liv i tiltaksplanen mot mobbing og har eit sterkt fokus på å betre situasjonen. Rådmannen deltok sjølv på sist personalmøte på skulen der hovudtemaet var mobbing, og seier at både lærarar og rektor var svært innstilte og opptatte av å kome mobbinga til livs.