Kviteseid Høgre vil avvikle asylmottaket i bygda. Tilbodet til asylsøkjarane er for dårleg og belastninga på dei fastbuande for stor, meiner listetopp Gunnar Ruud.
Kviteseid Høgre vil avvikle asylmottaket i bygda. Tilbodet til asylsøkjarane er for dårleg og belastninga på dei fastbuande for stor, meiner listetopp Gunnar Ruud.

Vil leggje ned asylmottaket

Kviteseid Høgre vil leggje ned asylmottaket i bygda. Det er til stor belastning for fastbuande, og gjev dårleg tilbod til asylsøkjarane, meiner partiet. Sterkt press på kommunale tenester, auka kriminalitet og vanskar med integreringa av folk med framandkulturell bakgrunn som alt har fått fast busetjing, er blant argumenta for avvikling av mottaket. – Den spreidde busetjinga av asylsøkjarar i 10-12 einebustader, er ei svært dårleg løysing, meiner ordførarkandidat for Høgre, Gunnar Ruud, og partileiar Halvor Nyland.

Etter at Kviteseid Asylmottak brann ned i april i 2002 har dei om lag 100 asylsøkjarane, som mottaket brukar å ha til kvar tid, budd spreidd i 10-12 einebustadar i bygda. Hero mottak har administrert mottaket frå Veksthuset, den gamle trygdeheimen i bygda. Denne spreidde busetnaden gjev eit for dårleg mottakstilbod til asylsøkjarane, meiner Kviteseid Høgre. Partiet meiner også at kommunen manglar ressursar både fagleg og økonomisk til å oppretthalde helse,- sosial og skuletilbodet til asylsøkjarane. Det store talet på folk med framandkulturell bakgrunn i bygda gjer integreringsarbeidet for dei 25 som har fått varig opphald vanskeleg. Det vil i endå større grad gjelde nye som eventuelt får fast opphald i kommunen. Dessutan er det uro i bygdesamfunnet over kriminalitetsutviklinga, hevdar Høgre.

Vil ha politisk evaluering

– Kviteseid Høgre ynskjer ei evaluering av mottakssituasjonen. Me må få asylmottaket på den politiske dagsordenen, seier ordførarkandidat for Høgre, Gunnar Ruud. – Høgre har drøfta situasjonen nøye og kome fram til at kommunen bør gå i dialog med Hero med tanke på avvikling av asylmottaket, legg partileiar Halvor Nyland til. Partiet har evaluert mottaket og kome fram til at avvikling er beste løysinga. – Men det er ikkje nok at Høgre har drøfta situasjonen og kome fram til eit standpunkt. Avvikling av asylmottaket må på den politiske dagsordenen i kommunen, meiner Ruud og vil ta initiativ til at det blir gjort.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Spreidd busetnad uheldig

Det er fleire årsaker til at Høgre meiner asylmottaket bør bli avvikla. – Spreidd busetnad av asylsøkjarar har vist seg som ei dårleg løysing for både bygda og asylsøkjarane, seier Ruud. Han hevdar at tilbodet om sosiale aktivitetar og felles samkomer med bygdefolket nesten heilt har blitt borte etter at asylmottaket brann ned. – Dessutan er det fleire naboar til bustadene som er utleigde til asylsøkjarar som har problem med kulturforskjellen. Det hadde vore mykje lettare å avklare og ordne opp i om ein hadde hatt eitt mottak med ei leiing som kunne ta tak i problema på staden, meiner han

Gjer integrering vanskeleg

– Det store talet på asylsøkjarar i ei lita bygd som Kviteseid gjer integreringsarbeidet vanskeleg for dei 25 med framandkulturell bakgrunn som er fast busett i kommunen, og eventuelle nye som kan bli aktuelle. Om ein reknar Kviteseid sentrum mellom Kvitsund og Lundevall utgjer det mindre enn 1.000 menneske. Det blir så mange at integreringsarbeidet blir vanskeleg, hevdar Nyland og dreg fram eit anna argument for nedlegging. Han understrekar at Høgre som parti er for at Kviteseid skal ta imot folk som treng fast busetjing og vil arbeide for at tilhøva blir lagt til rette for dei som har fått fast opphald i bygda.

Sterkt press på kommunale tilbod

– Det er heilt forståleg at folk som har opplevd krig og andre traumer er storbrukarar av kommunale tenester, men kommunen har ikkje dette apparatet, meiner Nyland. Han viser til at både skule-, helse- og sosialtenestene manglar kompetanse og kapasitet til å greie desse oppgåvene fullgodt, og at tilbodet for bygdas eigne folk også blir svekka. – Økonomisk får kommunen full dekning for skuletilbodet, men for helse- og sosialtenester blir 385.000 kroner frå staten i året reint for lite, legg Ruud til.

Uro over kriminalitetsutviklinga

– Auka kriminalitet har vore svært merkbart etter at asylmottaket kom til bygda, hevdar Ruud og viser til mange saker som er omtala i pressa og saker som ikkje kjem fram offentleg. – Alle sakene der folk med utanlands bakgrunn har vore involvert i kriminell åtferd har så langt me kjenner til vore knytt til mottaket, legg Nyland til. Dei to Høgretoppane meiner det er svært vanskeleg for små kommunar å ha asylmottak så lenge sentrale styresmakter ikkje greier å få orden på mottak av flykningar, slik at dei som treng opphald får det, medan dei kriminelle gjengangarane blir sende ut med ein gong. – Sjølv i vesle Kviteseid har me opplevd at folk som har blitt utviste og sendt ut av landet har dukka opp att både to og tre gonger. Det seier litt om manglane i systemet, seier Ruud og Nyland. Utspelet om nedlegging av asylmottaket er ikkje diskutert med andre parti, og høgretoppane er klar over at det er eit kontroversielt utspel dei kjem med. – Saka er så viktig både for dei som søkjer asyl og bygdefolket at me må få saka på den politiske dagsorden snarast, avsluttar Ruud og Nyland.