Hundre deltakarar var med på motbakkeløpet «Raudkleiv upp» i Seljord i fjor. 10. J uni er det på ny klart for start på Dyrskuplassen.
Hundre deltakarar var med på motbakkeløpet «Raudkleiv upp» i Seljord i fjor. 10. J uni er det på ny klart for start på Dyrskuplassen.

Vil opp motbakkane på ny

«Raudkleiv upp» blei arrangert for fyrste gong i fjor. Då stilte hundre deltakarar til start. I år håpar idrettslaget i Seljord at endå fleire finn vegen til motbakkane andre laurdagen i juni.

– I år håpar me på ein endå større folkefest og at både trimmarar og dei som stiller i konkurransen finn vegen til Raudkleiv 10. juni, seier Yvonne Eilefstjønn frå arrangørstaben til Seljord idrettslag.

Ho fortel at det er høve til å vere med i bakkeløpet i konkurranseklasser, mosjonsklasse og i eit eige barneløp.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Og det er fine premiar, seier Eilefstjønn.

4 kilometer

Motbakkeløpet vil ha start på Dyrskuplassen, og mål i Raudkleiv skianlegg. Løypa er 4 kilometer lang og har ein høgdeforskjell på 350 meter.

– Løypa startar med eit flatt parti i om lag 900 meter, så stigning i om lag i 2700 meter med litt asfalt, traktorveg, grusveg og bratt opp langs skitrekket i skianlegget. Deretter er det om lag 400 meter småkupert og nedover til mål på Raudkleiv stadion, fortel Eilefstjønn.

Ho seier at det er mogleg å melde seg på til løpet via på nettet, eller på arenaen fram til ein time før start i konkurranseklassa. Det er også høve til å påmelde seg til mosjonsklassa på nettet.

For dei yngste

Medan dei vaksne tar den lengste løypa, blir det også eit barneløp for deltakarar på 11 år og yngre. Det er om lag 1 kilometer langt og det vil vere tidtaking, men ikkje rangering.

– Barneløypa startar ved parkeringa nedanfor skianlegget og fylgjer derifrå hovudløypa til mål på stadion, fortel arrangøren.

Artikkelen held fram under annonsen.

Eilefstjønn seier at idrettslaget håpar at «Raudkleiv upp» kan vera ein del av ein for tilreisande, med høve til å sjå meir av Midtog Vest-Telemark.

– Me håpar og at mange mosjonistar vil ta turen opp til Raudkleiv denne junidagen. Og me oppmodar bedrifter, venelag og andre til å få seg ein flott tur, smiler Eilefstjønn.