Aasmundsens bakeri held til i Flatdalsbakkane, noko dei ynskjer å halde fram med. (Arkiv
Aasmundsens bakeri held til i Flatdalsbakkane, noko dei ynskjer å halde fram med. (Arkiv

Vil sikre at bakeriet blir i Flatdal

Eigarane av bakeriet i Flatdal snusa på nye lokale i Bø, men vil helst bli i Flatdalsbakkane der dei høyrer heime. Nå treng dei naudsynt støtte for å oppgradere lokalitetane dei kanskje kan bli eigarar av i år.

44 arbeidsplassar delt på 28 årsverk. Ein stor og viktig arbeidsplass i Seljord kommune som treng opprusting for å sikre vidare drift i framtida.

– Her må me vere viljuge til å strekkje oss, var tilbakemeldingane frå formannskapsmedlemmene i Seljord førre veke.

Artikkelen held fram under annonsen.

I møtet kom det fram at bakeriet kunne vere på flyttefot ut av kommunen, men det var ikkje eit alternativ for dei folkevalte.

Formannskapet behandla ein søknad om 1 million kroner i utviklingsstøtte til bakeriet, og sa ja til å tøme næringsfondet for 250 000 kroner i 2017 dersom bakeriet kjøper dagens lokalitetar i Flatdal. Politikarane opna for at det kunne vere meir pengar på kommunekontoen dersom det blei naudsynt.

Vil vere i Flatdal

Bakarmeister ved Aasmundsen bakeri, Mogens Iversen, stadfestar at dei for ei tid sidan fekk eit godt leigetilbod frå Bø.

Bakarmeister Mogens Iversen ved Aasmundsen bakeri i Flatdal seier at bakerilokala treng oppussing, men at dei ynskjer å bli i bakkane der dei høyrer heime. (Arkiv
Bakarmeister Mogens Iversen ved Aasmundsen bakeri i Flatdal seier at bakerilokala treng oppussing, men at dei ynskjer å bli i bakkane der dei høyrer heime. (Arkiv

– Me er fylkets største bakeri. Og det kjem ikkje på tale at me skal flytte til Bø, det er lagt på is, seier Iversen.

– Men me må modernisere oss og pusse opp i Flatdal. Lokala er greie nå, men i framtida blir det tøffare krav. Ei oppussing er kostnadsrekna til om lag 3,5 millionar kroner og omfattar mellom anna nye golv, nye maskiner og omnar i bakeriet. Det må me ta for å vere i forkant av dei krav som Mattilsynet, Arbeidstilsynet og ikkje minst kundane set til oss, seier Iversen.

Treng opprusting

Aasmundsen bakeri har drive bakeriverksemd i Flatdal sidan 1924.

I 2007 kjøpte Nærbakst Aasmundsen bakeri, og det er Nærbakst som har sendt søknad til Seljord kommune om 1 million kroner i utviklingsmidlar.

– Oppgraderar ein dagens bygg vil ein få eit tidsmessig og rasjonelt bakeri som er eigna til å betene kundar innan daglegvare, offentleg sektor og storhushaldning i tida som kjem. Det vil i tillegg vere aktuelt å flytte produksjon av frosne produkt frå bakeri i Oslo-området til Aasmundsens bakeri, skriv styreleiar i Nærbakst AS, Morten Fjære i søknaden.

Artikkelen held fram under annonsen.

Forhandlar om kjøp

I samband med at leige av bakerilokala, som framleis er i familien Aasmundsens eige, går ut i juni 2017, er det nå starta forhandlingar om kjøp eller leige av lokala i framtida.

– Nå er me inne i forhandlingar med huseigar, og me vonar at me før jol kjem fram til ei god løysing om kjøp eller vidare leige. Ein ting som er sikkert, er at me vil vere i Flatdal i framtida også, sjølv om tilbodet frå Bø var veldig bra, seier Iversen.

Styreleiar for Nærbakst støttar den lokale bakarmeisteren om at alternativet om å bli er det beste.

– Me har eit sterkt ynskje om å halde fram med drifta i Flatdal. Me har god erfaring med både lokal arbeidskraft og lokale leverandørar, og det er difor me søkjer kommunen om 1 million kroner i utviklingsstøtte, skriv Morten Fjære i søknaden.

Vil vere føre var

I 2015 omsette bakeriet i Flatdal for om lag 25 millionar kroner, og gjekk ut med eit overskot på 600 000 kroner. I 2016 ligg dei an til å bli nok eit godt år.

– Me vil truleg omsette for 30 millionar, og eg trur me vil få eit overskot på om lag 1 million kroner, seier Iversen nøgd.

Han ser fram til 2017, og er ikkje framand for at dei kanskje kan utvide staden litt i året som kjem.

Nøgd med kommunen

Iversen seier også at han er svært fornøgd med Seljord kommune, og måten dei har handtert saka heilt sidan det blei kjent at bakeriet hadde vore i kontakt med ein utleigar i Bø.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Både næringssjef Asbjørn Storrusten og ordførar Halfdan Haugan har vore i fleire møte med oss for å finne gode løysingar – og me har hatt ein svært god dialog. Me er svært takksame for at kommunen ynskjer å støtte oss økonomisk, og vonar at fylket også ser kor viktig det er å behalde arbeidsstokken og arbeidsplassar i distrikta, seier Iversen.

Han meiner også at eit eventuelt kjøp av bakeribygget vil sikre framtida til verksemda i Flatdal.

Viktig for Seljord

Ordførar i Seljord, Halfdan Haugan, er tydeleg på at Aasmundsen er ei svært viktig bedrift for Seljord, og at han var viljug til å strekkje seg for å behalde dei 44 arbeidsplassane i kommunen.

Han kunne fortelje at bakeriet skal ha eit møte med Telemark utviklingsfond og Innovasjon Norge til fredag for å sjå på høve til ytterlegare støtte.

– Me vonar at dei også kan vere bidragsytarar, slik at me saman kan kome fram til ei god løysing for bakeriet, uttala Haugan.

– Slik eg ser det er det kjempeviktig for Seljord kommune at verksemda held fram drifta si her, og aller helst i lokala dei har i Flatdal. Sjølv om lokala ikkje er dei mest optimale, så kan ein gjere dei atskillig betre om dei får byggje om ein del ting, noko bakeriet er innstilt på, uttala ordføraren.

Gjeve det dei har

– Forslaget er å gje dei det me har, og tømme næringsfondet for neste år. 250 000 kroner – me har ikkje meir der. Hadde me hatt 10 kroner meir, hadde dei nok fått dei også, uttala sakshandsamar og næringssjef Asbjørn Storrusten.

Dei andre medlemmene i formannskapet var samde i at det var viktig å vise støtte til den store verksemda.  

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me må også vere viljuge til å få til litt meir støtte. Det kan vere aktuelt å plusse på 250 000 kroner frå disposisjonsfondet, men det får me ta etter møtet som skal vere på fredag, sa Henry Mæland (Sp).

– Dette er ei svært, svært viktig sak. Me må vere lett på tå, og viljuge til å snu oss rundt for finne litt ekstra midlar. Men det burde også vere mogleg å søkje andre adresser for å skaffe kapital, sa Gunnar Eilefstjønn (H), og fekk støtte av Jon Svartdal (H).

Eit samrøystes formannskap gjekk inn for å gje 250 000 kroner frå næringsfondet i 2017 til utvikling av bakeriet i Flatdal, og dei sa seg også viljuge til å gje ytterlegare støtte dersom dette skulle bli naudsynt.