Prosjektleiar for busetting av mindreårige flyktningar i Seljord, Geir Anders Jensen og rådmann, Kari Gro Espeland, ser fram til dei nye innbyggjarane kjem i oktober, og oppmodar lokalsamfunnet om å ta godt i mot dei nye innbyggjarane.
Prosjektleiar for busetting av mindreårige flyktningar i Seljord, Geir Anders Jensen og rådmann, Kari Gro Espeland, ser fram til dei nye innbyggjarane kjem i oktober, og oppmodar lokalsamfunnet om å ta godt i mot dei nye innbyggjarane.

Vil skape ein god heim for ungdommane

I oktober kjem fem mindreårige flyktningar til Seljord. – Eg gler meg og vonar at me skaper ein god heim for dei nye Seljord-ungdommane, seier prosjektleiar Geir Anders Jensen.

Seljord-politikarane har tidlegare vedteke at kommunen skal ta imot fem mindreårige flyktningar i år, og fem neste år. Kommunen har sagt at dei ynskjer at ungdomane er ned mot 13 år slik at dei skal få god tid til å bli kjent og integrert i Seljord-samfunnet. Det er også meldt frå om at kommunen gjerne ynskjer seg sysken.

– Målet er at dette skal vere eit konstant tal, og formannskapet har presisert at det er viktig å lage ein heim for desse ungdommane. Det skal ikkje vere ein institusjon. Dette er ungdom som blir her, og det er viktig at me gjer vårt for at dei skal kjenne seg heime, seier ordførar i Seljord, Halfdan Haugan.

Artikkelen held fram under annonsen.

Etter det kommunale vedtaket blei fatta om å ta i mot mindreårige flyktningar, starta arbeidet med å finne bustad og dei rette folka som skal leie og arbeide med ungdommane som kjem til Seljord.

Vil etablere ein heim

Geir Anders Jensen blei tilsett som prosjektleiar for bueininga der ungdommane skal bu. Den fyrste oppgåva hans var å leggje ein plan for korleis busetjinga skal bli og å tilsetje resten av staben.

Jensen, som har over 20 års erfaring frå omsorgsyrke, meiner Seljord gjorde eit klokt val med å starte førebuingane for busetjinga i god tid før ungdommane kjem.

– Eg gler meg til dei nye innbyggjarane kjem, og er audmjuk over oppgåva eg har fått. Eg trur dette blir kjempebra, seier Jensen.

Politikarane har tidlegare gjeve rådmannen fullmakt til å finne eigna husvære til dei mindreårige flyktningane.

Rådmannen stadfestar at kommunen har sett på ulike alternative bustadar, men har ikkje landa ei avgjerd.

– Me er i fyrste omgang på leit etter ein eigna bustad, men ser for oss at det kan vere to hus i nærleiken av kvarandre på sikt. Dette er barn som kjem frå ein annan bakgrunn og som har hatt ein anna oppvekst enn norske barn. Dei har flykta, kanskje rømt frå krig og vald. Dei kan ha grufulle historier og treng vaksne som forstår og kan ta tak i dette og starte traumebehandling, seier Jensen.

Men han er også oppteken av at dei tilsette skal skape tryggleik i roller som ein mamma og pappa.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Dei tilsette må følgje opp som andre foreldre, både heime og ute. Dei må køyre på fotballkamp, vere med på dugnad på skulen eller på Dyrsku’n. Dei blir på eit vis «kaupeforeldre», og skal følgje opp barna sjølv om nokre av ungdomane har biologiske foreldre i heimlandet, medan andre kan ha mista dei, seier han.

Vil inkludere

Rådmann i Seljord, Kari Gro Espeland, seier at kommunen har ein overordna målsetjing om å integrere ungdommane.

– Me ynskjer at dei skal bli ein naturleg del av ungdomsmiljøet i Seljord. Få vener dei kan vere med og starte med fritidsaktivitetar, seier Espeland.

Jensen er oppteken av at integreringa må skje utover det som hender i bustaden hos ungdommane.

– Ei side er kva me i bustaden gjer, men like viktig er det samfunnet kring oss bidreg med. Folk må tørre å seie hei og by på seg sjølve. Me treng eit samarbeid med lag og foreiningar for me klarer ikkje å integrere ungdommane åleine – det må heile bygda vere med på. Og eg har stor tru på at det skal gå bra, for Seljord har stolte tradisjonar på å vere eit godt vertskap, seier han.

Rådmannen seier også at ungdommane sjølve vil få hjelp til å vere aktive for å gjere seg kjent i lokalmiljøet.

– Me synest det er hyggeleg om folk kjem innom for å prate litt og helse på, ta ein kaffi eller bli med på grilling i hagen, seier Jensen.

– Dei er som andre unge

Jensen forstår at mange blir skeptiske når ein tenker at det skal kome flyktningar.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Men me har reist rundt til andre kommunar som har fått nye ungdommar – og alle seier;gløym at det er flyktningar. Dette er ungdom som har fått opphald i Noreg. Dei er som andre ungdommar med draumar og håp for framtida, men dei kjem frå ein annan kultur. Dei treng tid for å slå rot i Seljord, noko me vil vere med å hjelpe dei til å lukkast med, seier han.

Ordføraren, rådmannen og leiaren for bueininga seier at dei ynskjer å gje ungdommane ein god start på eit nytt og fritt liv.

– Når ein er fødd i Noreg tar ein det for gitt – desse barna kan kanskje lære oss mykje nytt. Me ynskjer at ungdomane som kjem hit skal trivst, og me vil at lokalbefolkninga skal sjå på dei som berikande i samfunnet vårt, meiner Jensen.

Som ein heim

Kommunen fekk svært mange søknadar til stillingane som miljøterapeutar og miljøarbeidarar som skal arbeide med ungdommane.

– Og det var ein høg kvalitet på søkjarmassen, og me har fått godt kvalifisert personale på plass som startar opp i september, seier rådmannen.

Kommunen har enno ikkje landa kvar heimen til dei fem fyrste mindreårige flyktningane blir, og dei ser på ulike alternativ som ligg i gå- og sykkelavstand til sentrum.

– Om nokon har ein aktuell eigedom dei vil selje, ta gjerne kontakt med oss, oppmodar rådmannen.

Om ikkje kommunen landar eit bu-alternativ før ungdommane kjem til hausten vil ledige lokale på DPS bli bruka som ein mellombels bustad fram til ein fast bustad er på plass.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Korleis vil bustaden vere bemanna?

– Me skal ha god kompetent grunnbemanning som kan vere parat til å følgje opp raskt dersom noko skulle skje. Det er viktig at ungdommane får stabilitet, og med ei kvinne og ein mann på jobb til ei kvar tid ligg det til rette for at ein kan etablere gode relasjonar, seier Jensen.

Rådmannen fortel at det ikkje vil bli 7,5 timars arbeidstid for dei tilsette, men at dei har lagt opp til ei turnusløysing der dei tilsette er på vakt over fleire døgn.

– Ei kvinne og ein mann går på vakt samanhengande i to døgn på vekedagane, og i helga er dei på vakt i tre døgn. Me har tilsett åtte personar i full stilling i tillegg til Jensen som prosjektleiar. Med turnusordninga har dei ein friperiode på ei veke etter vakta, forklarar rådmannen.

– Med dette sikrar me kontinuitet. Det er viktig sidan ungdomane vil knyte seg til dei vaksne. Er det noko som skjer på kvelden, er det den same vaksne som tar opp tråden att morgonen etter. Det blir som fire mødre og fire fedre. Gjer me ein god jobb vil ungdommane oppleve at dei har ei mor og ein far som er der for dei, seier Jensen.