Vil stoppe planen om fleirbrukshall
Tap av mange arbeidsplassar i Fyresdal gjer at ordføraren trur det blir fleirtal i kommunestyret for å skrinleggje planen om å byggje fleirbrukshall.
Førre tysdag skreiv VTB at Telemark kildevann i Fyresdal må seie opp mange tilsette til hausten. Ordførar Erik Skjervagen (Ap) gav regjeringa skulda for nedskjeringa, fordi det er lagt avgift på vatn med smak. Det er slik produksjon som skjer i Telemark kildevann, som snart mistar storkontrakt med Ica i Sverige. Det gjer at arbeidsstokken til verksemda i Fyresdal blir skåre frå 30 til 15 tilsette.
Sist desember vedtok kommunestyret byggjestart på fleirbrukshallen i fyrste halvår 2019, og at ein brukar 2018 for å finne finansiering til investeringa.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Nå har me kome inn i ein såpass kritisk fase at det vil nesten vere galematias å byggje fleirbrukshallen. Me må stoppe heile prosessen, meiner ordføraren.
Inntektssvikt
Han forklarer vraking av hallplanen med at Fyresdal i løpet av kort tid kan miste over 60 arbeidsplassar, inkludert dei 15 ved Telemark kildevann. Det er ikkje lenge sidan IKM maskinering i Fyresdal blei lagt ned, og 17 tilsette blei sagt opp. Vidare har det kome signal om at fangeleiren i Kleivgrend med 18 arbeidsplassar skal bort. Som om ikkje dette er nok, kan det spøkje for Telemark lys med 12 tilsette. Dette fordi det meste av inntektsgrunnlaget forsvinn når kommunar under 5000 innbyggjarar ikkje lenger skal ta imot flyktningar.
– Me mistar skatteinntekter og også rammetilskot fordi det ikkje kjem fleire flyktningbarn. Og me får betydeleg mindre i vassavgifter frå Telemark kildevann, seier Skjervagen.
I formannskapet nyleg var det semje om at ein må ta opp att saka om fleirbrukshall i fyrste kommunestyremøte.
– Eg trur at fleirtalet i kommunestyret er einig i dette med fleirbrukshallen, og kanskje blir det samrøystes for ikkje å byggje han, seier ordføraren.
Meir til næringsutvikling
I same formannskapsmøtet var politikarane einige om å få ei kommunestyresak om eventuell innføring av eigedomsskatt på husa og hyttene i kommunen.
– Eg går ikkje inn for eigedomsskatt nå, me må ikkje deppe heilt heller. Og me har faktisk ikkje dei to millionane som ein må ha for å taksere før me kan innføre eigedomsskatt, seier Skjervagen.
Han konstaterer at det går ikkje heilt Fyresdal sin veg om dagen.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Me er skikkeleg ute og køyrer, men me må bare gnu på med satsing på arbeidsplassar. Me må forsterke potten til næringsutvikling, seier Skjervagen.
Sp: Vil ikkje skrinleggje hallen
Kjell Sverre Thoresen (Sp) er gruppeleiar for opposisjonspartiet som i desember føreslo byggjestart på fleirbrukshallen i år. Før sist formannskapsmøte hadde Sp gruppemøte.
– Realiteten i økonomien er at me er litt bundne på hender og føter, men me må ha litt is i magen også. Kanskje går Sp for ei utsetting av fleirbrukshallen, men ikkje ei skrinlegging, seier Thoresen.
Han ynskjer ikkje eigedomsskatt. Skal ein diskutere ei slik sak, meiner Thoresen at ein må sjå på kva inntektene konkret kan bli knytt opp mot og brukt til.
– Ei taksering før ein kan innføre eigedomsskatt vil koste to millionar kroner, det er ikkje lett å finne dei pengane heller. Eg trur ikkje kommunestyret vil vedta å innføre eigedomsskatt, seier Thoresen.
Beskjed om å tilpasse drifta etter inntektene
I sist møte drøfta formannskapet framtida til Telemark lys, bedrifta som er heileigd av Fyresdal kommune og som mistar 80–90 prosent av inntektene når det blir slutt på å kunne ta imot flyktningar.
– Om Telemark lys ikkje finn på noko lurt, må dei trappe ned. Eg møtte på styremøtet nyleg for å informere, og styret fekk klar beskjed om å tilpasse drifta etter inntektene, seier ordførar Erik Skjervagen.
Telemark lys har i mange år vore attføringsbedrift, men slik er det ikkje lenger.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Telemark lys blei avskilta som attføringsbedrift fordi det som blei jobba med utgjorde for stor del av flyktningar, seier Skjervagen.
Nå er det Kvito AS som står ansvarleg for attføringa i Fyresdal, og dei kjøper tiltak frå Telemark lys.
Telemark lys ser på andre løysingar
– Me får utfordringar framover, det er det ingen tvil om, seier dagleg leiar Tarjei Skålid i Telemark lys om at det ikkje lenger skal kome flyktningar til Fyresdal.
På oppdrag for Fyresdal kommune styrer Telemark lys introduksjonsprogrammet som flyktningane skal gjennom. Staten gjev tilskot for kvar flyktning i fem år, mest dei to fyrste åra. I dag er det 12 flyktningar som får opplæring av Telemark lys, talet vil vere seks personar frå nyttår og éin person i 2020.
– Finn me ikkje andre aktivitetar, må me justere på personalet. Om det finst andre inntektskjelder må me vurdere det, og styret har gjeve meg fullmakt til å sjå på dette. Eg har nokon idear, men kan eg ikkje seie noko om dette nå. Me må ha trua på at bedrifta skal overleve, og då med ein del tilsette, seier Skålid.