Vil styrke nynorsken med Vinjefond
Senterpartiet ynskjer ei offensiv satsing på nynorsk. I sitt alternative budsjett for 2004 føreslår partiet å opprette eit Vinjefond på 25 millionar kroner, i tillegg til ei nynorskpakke til 10 millionar kroner.
Senterpartiet ynskjer eit fond på 25 millionar kroner, kalla Vinjefondet etter Aasmund Olavsson Vinje. Han la grunnlaget for moderne norsk avisjournalistikk med nynorskbladet «Dølen». Fondet skal vere for nynorsk journalistisk formidling og skal prioritere styrking av målforma innanfor aviser, radio, TV, internett og reklame.
Ein aktuell bruksmåte kan vere frikjøp av journalistar og andre mediearbeidarar i inntil tri månadar til etterutdanning ved høgskular eller ved NRK sitt nye kompetansesenter for nynorsk mediespråk, meiner partiet.
Artikkelen held fram under annonsen.
Gjev Regjeringa rett
Regjeringa peikar i kulturmeldinga på at det om ti år er 200 år sidan Ivar Aasen blei fødd, og at tiåret som står att fram til jubileet kan vera høveleg tidsperspektiv for eit meir systematisk arbeid med å styrkje den nynorske skriftkulturen.
Me gjev regjeringa rett i at det er nødvendig med støtte til nynorsk som kultur og språk og fremjar difor forslag om ei offensiv satsing på nynorsk, seier fylkesvaraordførar i Telemark, Lars Bjaadal (Sp).
Partiet ynskjer i tillegg til Vinjefondet å styrkje ei rad med nynorske institusjonar som Noregs Mållag, Samlaget og Det Norske Teateret, med til saman 10 millionar kroner ut over budsjettframlegget frå regjeringa.
Senterpartiet meiner innsatsen for nynorsken må løftast opp og utvidast i neste års budsjett.
Eg er spent, men håpar på støtte til forslaget, seier Bjaadal.
Byggje ei merkevare
Bjaadal er oppteken av at målforma ikkje berre skal bli bruka av lærarar og lyrikarar.
Det handlar om å byggje ei merkevare. Nokon er medvitne på at nynorsk er ei god merkevare, seier Bjaadal. Han trekker fram kjendiskokk Arne Brimi som eit døme på ein som brukar dialekt og nynorsk som eit kvalitetsstempel.
Mållagsmann i Vinje, Olav Nordstoga, er glad for framlegget frå Senterpartiet.
Artikkelen held fram under annonsen.
Det er eit godt framlegg som det står stor respekt av, og heilt i tråd med kulturmeldinga, meiner Nordstoga.
I tillegg til pengar må det skje ei haldningsendring. Avkastning på fondet kan bli bruka til haldningsskapande arbeid rundt nynorsken, håpar Nordstoga.