Her bygger Raulandshytter i Holtardalen, laftehytter som er importert frå Estland. Selskapet slit med likviditeten, har ikkje levert årsrekneskap for 2014 og blir truga med tvangsoppløysing av di selskapet manglar revisor. Revisor trekte seg først i september.
Her bygger Raulandshytter i Holtardalen, laftehytter som er importert frå Estland. Selskapet slit med likviditeten, har ikkje levert årsrekneskap for 2014 og blir truga med tvangsoppløysing av di selskapet manglar revisor. Revisor trekte seg først i september.

Vil tvangsoppløyse Holtar-parhestar

Entreprenørselskapa Raulandshytter as og Holtar Maskin as blir no truga med tvangsoppløysing av di begge selskapa manglar revisor.

Det er Brønnøysundregistera som har varsla kreditorane i selskapa om dette denne veka. Over helga har no begge selskapa tre vekers frist til å skaffe revisor, elles blir selskapa sendt til tingretten for tvangsoppløysing utan vidare varsel.

Raulandshytter, som er ått og drive av Gunnar Ellefsen, har ikkje levert årsrekneskap for 2014. Revisor trekte seg i september. Rekneskapet skulle seinast vore levert innan utgangen av august.

Artikkelen held fram under annonsen.

At revisor trekker seg frå eit revisjonsoppdrag er normalt eit urovekkande signal om at alt ikkje er på stell i eit selskap.

Store likviditetsproblem

Ellefsen opplyser til VTB at selskapet gjennom lengre tid har hatt store likviditetsproblem. Det er ifylgje han forklaringa på at dei ikkje har levert rekneskap for 2014 og til at revisor har trekt seg.

– Vi har selt og bygd mange hytter i 2014 men tapt pengar på ein del av desse prosjekta. Samstundes har vi hatt problem med å få inn uteståande fordringar, seier Ellefsen.

– Vi har også hatt mange av dei same problema som andre utbyggarar i Holtardalen opplever: svinn på timar, verktøy og materialar. Dette utgjer samla store summar.

Han forklarar vidare at ein av leverandørane deira av hytter i Litauen gjekk konkurs etter at Raulandshytter hadde overført eit betydeleg beløp i forskot på hytter som skulle leverast til Rauland. Han legg til at Raulandshytter også har tapt på at kronekursen er blitt svekka sidan leveransane frå Litauen skjer i euro.

– Samla har dette blitt så mykje pengar at det er blitt vanskeleg å handtere for oss. Revisor trekte seg av di han hadde handlingsplikt. Vi arbeider no med å få ny revisor på plass innan fristen frå Brønnøysund, seier Ellefsen.

Han opplyser ingenting om årsresultatet for 2014.

Raulandshytter hadde i 2013 ei omsetning på 37,8 millionar kroner og eit resultat på minus 1,5 millionar. Året før var omsetninga 31,1 millionar og eit resultat på knapt 600 000 kroner.

Artikkelen held fram under annonsen.

Holtar Maskin

Også Holtar Maskin, ått og drive av Sjur Fredriksen, operer no utan revisor. Selskapet vart stifta i 2005 men var sovande fram til i 2013/2014. I 2014 hadde selskapet ei omsetning på 6,8 millionar kroner og eit resultat på minus 1,7 millionar. Fredriksen dreiv fram til konkursopning i november i fjor selskapet SF Eiendom as som gjennom fleire år har bygd mange hytter i Holtardalen. Etter det har han drive vidare gjennom selskapet Holtar Maskin, stifta i 2005, og som var eit sovande selskap fram til i 2013/14. No spøkar det også for dette selskapet.

Ellefsen har også eitt selskap i bakhand, Raulandsbygg as, som vart stifta 1/3 2012. Det har vore eit sovande selskap med ein aksjekapital på 30 000 kroner.

Sjur Fredriksen opplyser til VTB at han arbeider med å skaffe revisor innan fristen og vel tre veker. Han forklarar at kravet om revisor kom etter at omsetninga i fjor oversteig fem millionar kroner. Årsrekneskapen for i fjor som vart sendt til Brønnøysundregisteret i september, vart levert utan godkjend statsautorisert eller registrert revisor. I år blir omsetninga mindre.

Kompanjongar

Fredriksen og Ellefsen dreiv tidlegare Grenland Skien Utvikling as og Grenland Skien Eiendom as saman. Og dei åtte selskapa saman med like store delar. Grenland Skien Utvikling gjekk konkurs i 2011 medan Grenland Skien Eigedom gjekk konkurs i 2012.

Bustyret og burevisor for Grenland Skien Utvikling konkluderte med at det hadde skjedd fleire straffbare forhold i selskapet. Dei slo også fast at Holla og Nome sparebank hadde medverka til skatteunndraging i denne saka. Både rekneskapsførar og revisor fekk krass kritikk.

Trass i dette løfta korkje skatteetaten eller politiet ein finger. Det gjorde heller ikkje Finanstilsynet som har ansvaret for tilsyn med revisjon og rekneskap og med bankane. I Grenland Skien Eiendom vart bubehandlinga innstilt raskt av di det ikkje var pengar i buet til ei konkursbubehandling.

Konkursoppgjeret

Oppgjeret i konkursbuet i SF Eiendom er ennå ikkje avslutta. Konkursbuet sit på 8–9 tomter i Holtardalen som no er lagt ut for sal med DNB eigedom som meklar. Stipulert gjennomsnittspris er om lag ein million kroner pr. tomt.

Buet blir ikkje gjort opp før salet av desse tomtene er gjennomførd. Det er uvisst kva salet vil gje, opplyser bustyraren, advokat Øystein Malmgren, til VTB.

Artikkelen held fram under annonsen.

Vinje kommune meldte krav på fleire millionar kroner i buet for manglande innbetaling av tilknytingsavgifter. Mange av hyttekjøparane hadde betalt tilknytingsavgiftene inn til SF Eiendom. Dei pengane gjekk tapt ved konkursen.

Kommunen retta så kravet mot hyttekjøparane. 15 av desse har no stemna kommunen for retten i eit forsøk på å fri seg frå krava.