– Vil vere der for dei som treng oss
I fjor starta den fyrste demensforeininga i Vest-Telemark opp i Kviteseid. – Det er behov for at demente og pårørande har nokon som kan hjelpe dei og snakke deira sak, seier leiar Monica Øygarden Halvorsen.
– Målet vårt er at me skal gjere kvardagen betre for sjuke eller pårørande, seier styremedlemmene i Kviteseid demensforeining som er samla for ein prat.
Dei som starta foreininga blei inspirerte etter å ha snakka med Pauline Nordbø, som er einingsleiar ved Lundenjordet og som også var leiar for Nasjonalforeininga for folkehelse i Telemark.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Via arbeidet fylkeslaget gjorde starta me for fleire år sidan å snakke om at me burde starte ei lokal demensforeining i Kviteseid, seier Monica Øygarden Halvorsen.
Ho fekk med Silje Blomstadli som nestleiar, Therese Mortensen kasserar, Randi Haugli sekretær og Mona Riis og Aage Haatveit som styremedlemer.
Styrets medlemmer har ulike roller og bakgrunnar knytt til helseeininga i Kviteseid, både som sjukepleiarar med vidareutdanning innan demens, hjelpepleiar, vernepleiar, aktivitør og som pårørande. Dette meiner styret at gjev dei og laget ein styrke sidan dei ser ting frå ulike ståstadar.
– Og me blei svært glade då Aage Haatveit ville bli med i styret – for han har vore ei viktig brikke for å snakke dei pårørande si sak, seier Halvorsen.
Mange eldre
Kviteseid har mange eldre, og statistikk viste i fjor at det var i denne kommunen det var flest menneske over 80 år i Vest-Telemark.
– Mange eldre har ei form for kognitiv svikt, det kan vere svikt i ulike typar hukommelse, merksemd, konsentrasjon eller planlegging. Det er også mange som har demens, og då blir også dei pårørande rundt råka av dette, seier Halvorsen.
Ho syntest det var leit at det tidlegare ikkje var ei eiga foreining for denne gruppa.
– Det gav oss difor eit ekstra dytt til å kome i gang. Det er behov for at denne gruppa har nokon som kan hjelpe og snakke deira sak, smiler ho.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Statistikk syner faktisk at 1 av 5 vil få ei form for kognitiv svikt. Dette var, og er nok kanskje framleis noko tabubelagt, men det bør det ikkje vere, seier Silje Blomstadli.
Vil hjelpe
Som pårørande kan det kome mange spørsmål ein ynskjer å stille. Men det kan vere vanskeleg å vite kvar ein kan få svar eller hjelp til å finne svar. Her ynskjer demensforeininga å vere ein god støttespelar.
– Me vil hjelpe, vere med å leggje til rette og kanskje skipe til ulike aktivitetar, kurs og anna, seier styremedlemmene.
Vil ha med eldre på kanalen
Førre fredag var demensforeininga medarrangør då Kjell Elvis gjesta hagen på Kviteseid omsorgssenter, og snart ynskjer laget å finne på meir moro for dei eldre i kommunen.
30. mai inviterer demensforeininga eldre og pårørande til båttur med MS Victoria på Telemarkskanalen.
– Nasjonalforeininga for folkehelse støttar tiltaket med 10 000 kroner, og difor er turen heilt gratis for dei som melder seg. Me har tinga 30 plassar, og reiser med buss frå Kviteseid til Fjågesund der me går om bord på kanalbåten. Så blir me med båten tilbake til bryggja i Kviteseid, seier Halvorsen.
– På båten skal me skravle, kose oss med kanelsnurrar og kaffi, smiler Therese Mortensen.
Ynskjer meir aktivitet
Styret ynskjer å skipe til fleire aktivitetar framover, og for å finansiere ulike tiltak har dei starta å pante flasker.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Via Facebook-sida vår har mange gjeve oss sekkar med tomgods. Det gjev oss pengar på kontoen som me skal bruke på målgruppa vår. Ein dag panta me faktisk for 3 000 kroner, smiler styremedlemmene.
Så langt har foreininga vist seg fram på Vintermarken i Kviteseid, og når Victoriafestivalen blir halde i juni, er dei klare for å møte folket att.
– Me har også snakka om ei samling på bygdetunet der me kan få til eit arrangement i samarbeid med andre lag og organisasjonar, seier Randi Haugli.
Laget har kjøpt inn terrassevarmarar som er på plass på verandaen på Kviteseid omsorgssenter (KOS) og på dagsenteret på Midtsundtoppen, og snart kjem det ein ny redskapsbod ved KOS også.
– Og me vil gjerne ha fleire støttemedlemer, ein forpliktar seg ikkje til noko om ein blir med, seier Mortensen.
– Me treng medlemer slik at me kan gjere ein endå betre jobb, legg Blomstadli ivrig til.