Ville ha ned politikargodtgjeringa
I ei vanskeleg økonomisk tid for kommunen meiner Nissedal Høgre at politikargodtgjeringa må ned. Slik blir det ikkje.
Nissedal kommunestyre diskuterte i sist møte eit reglement for politikargodtgjering. Kristine Sandall (H) viste til den dårlege økonomien i kommunen, og sa at partiet ser behov for å justere den politiske godtgjeringa.
– I situasjonen kommunen er i no er det på tide at politikarane byrjar å sjå på seg sjølve, sa ho.
Artikkelen held fram under annonsen.
Ordføraren i Nissedal har i år ei godtgjering på 735 300 kroner, som er 85 prosent av løna til ein stortingsrepresentant. Forslaget frå Sandall var å setje ned prosenten til 77. Også andre lokalpolitikarar ville bli råka av ei eventuell nedsetjing, då varaordføraren har ti prosent av godgjeringa til ordføraren, medan formannskapsmedlemer har fem prosent. Møtegodtgjering i kommunestyret er 735 kroner.
Runa Vee Tveit (Ap) innleia med å seie at det er ein god tanke å gå føre som eit godt eksempel.
– Men det er litt utidig også. Dette har med rekruttering å gjere og verdien ved å vere politikar. Godtgjeringa i Nissedal er ikkje over alle støvelskaft, sa ho, og la til at om ein skulle gjere noko i saka måtte ein ta ho opp før neste valperiode.
Ian Parry-Jones (Sp) sa det var uheldig at saka kom opp no, etter at kommunestyret er konstituert. Elles hadde han sett nærare på godtgjeringstal i 20 andre samanliknande folketalskommunar, og konkluderte med at dagens nivå i Nissedal er moderat og forsvarleg overfor innbyggjarane.
– Men kommunen er i ein utfordrande økonomisk situasjon. Alt no er kommunalt tilsette og brukarar av kommunale tenester ramma av både innkjøpsstopp og forsiktig bruk av vikarar. Til tross for at kutt på 10 prosent vil utgjere lite i den totale kommuneøkonomien, vil innsparinga dekkje ein hjelpepleiar på kvileheimen i rundt tre månader eller ti nye pc-ar til skulane. Eg meiner at me som folkevalde og arbeidsgjevarar bør gå føre med eit godt eksempel, sa han.
Etter gruppemøte varsla Anne-Nora Oma Dahle (Sp) at partiet var delt i saka. Ved avrøystinga viste det seg at ho blei blant fleirtalet på elleve for ikkje å setje ned godtgjeringa. Partifellene hennar, Ian Parry-Jones, Stein Skåli, Inge Magnus Evja og Knut Oddvar Nes støtta Sandall. Det same gjorde Jørgen O. Nes (Frp).