Stipendiat Sverre Tveit og rådmann Brit Houge fylgjer med på ordskiftet
Stipendiat Sverre Tveit og rådmann Brit Houge fylgjer med på ordskiftet

Ville ha svar på framtida til skulane

Engasjerte tilhøyrarar ville ha svar på kvifor skulane kan verta lagt ned. – Me tek berre imot spørsmål om prosessen i kveld, svara rådmannen.

Tokke kommune kalla inn til folkemøte onsdag for å informera om høyringsrunden dei har lagt opp til. Dei 80–90 som møtte opp hadde nok spørsmål til å halda møtet gåande i tre timar.

– Eg har 57 spørsmål til, men dei kan eg spara til ein annan gong, sa ein tilhøyrar.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Kom med dei! oppmoda rådmann Brit Houge.

Etter at kommunestyret under budsjetthandsaminga i fjor haust vedtok at administrasjonen skulle greia ut framtidig skulestruktur i kommunen, har rådmannen lagt fram eit dokument dei skal sende ut på høyring. Det var dette dokumentet som var tema for folkemøtet. Tilhøyrarane var ikkje heilt nøgde med at det berre var eit møte for å informere om høyringa og dokumentet. Dei ville ha svar på kva som skjer med skulane og grendene.

Grendene

– Kvifor står det ingenting om kva dette vil gjere med livet i grendene? lurte fleire i salen på.

Ei tilsett i Tokke kommune kunne stadfeste at det vert spart inn i alle delar av kommunen.
Ei tilsett i Tokke kommune kunne stadfeste at det vert spart inn i alle delar av kommunen.
Oppvekstsjef Finn Arne Askje la fram dei ulike modellane dei har sett på for ny skulestruktur.
Oppvekstsjef Finn Arne Askje la fram dei ulike modellane dei har sett på for ny skulestruktur.
80–90 tokkebuarar møtte opp for å diskutere skulestrukturen i kommunen.
80–90 tokkebuarar møtte opp for å diskutere skulestrukturen i kommunen.
Finn Arne Askje (t.v.) og Sverre Tveit svarar på spørsmål om innleiingane sine.
Finn Arne Askje (t.v.) og Sverre Tveit svarar på spørsmål om innleiingane sine.

– Det har me ikkje sett på, var den klare meldinga frå oppvekstsjefen og rådmannen.

– Me har berre drøfta det beste for elevane og ikkje noko anna, sa oppvekstsjef Askje.

Kommunen har ikkje undersøkt noko om konsekvensar for grendene eller lagt planar for kva dei skal gjera med dei skulebygga som vert ståande tomme.

Sjølv om kommunen ikkje har teke omsyn til framtida for grendene i dokumentet dei legg ut på høyring, var fleire uroa og stilte spørsmål eller heldt innlegg om det. Somme fryktar store spøkelsesbygg vil setja sitt preg på små grender.

– Bygga er teknisk etat sitt område, og det vil dei ta seg av når avgjerda om skulestruktur er teke, fortalde Askje.

Artikkelen held fram under annonsen.

Avgjerda er til slutt politisk. Det som er lagt fram no er berre administrasjonen sitt grunnlag for vidare arbeid.

– Utfordringar for grendene vil kome fram i høyringsprosessen og så får politikarane ta omsyn til det, sa Houge.

«Stod fram»: Ei tilsett i Tokke kommune kunne stadfeste at det vert spart inn i alle delar av kommunen.

Ulike modellar: Oppvekstsjef Finn Arne Askje la fram dei ulike modellane dei har sett på for ny skulestruktur.

Berre éin forskar

Kommunen har tinga ein rapport frå doktogradsstipendiat i pedagogikk ved Universitetet i Oslo, Sverre Tveit. Nissedølen forskar på lærarkompetanse, og har greidd ut om kva utfordringar og krav skulen i Tokke kan møte i framtida.

Stipendiat Tveit heldt eit føredrag om denne utgreiinga der han snakka om korleis lærarutdanninga har endra seg dei siste 20 åra, kva for politiske krav til formell lærarkompetanse som vert stilt og kan verta stilt i framtida og kva forsking som er gjort på effekten av kompetansen til lærarar.

– Eg har funne attende til nynorsken under dette arbeidet, så de får halda ut nokre skrivefeil, seier han og får letta litt på den trykte stemninga.

Fleire stilte spørsmål om kvifor berre éin forskar er involvert i arbeidet med utforminga av rapporten.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Ikkje noko vondt meint om Sverre Tveit, altså, men han kan berre seie noko om ein avgrensa del av problemet, presiserte fleire.

Oppvekstsjef Finn Arne Askje svara at også professor i pedagogikk, Thomas Nordahl, skal kvalitetssikre arbeidet dei gjer. Det var ikkje godt nok for alle.

– Me veit kva desse forskarane meiner. Dei er for store skular og så skal dei vere nøytrale ekspertar? ropte nokon frå salen.

– Du får ikkje meg til å seie at små skular er dårleg, svara Sverre Tveit.

– Eg har berre greidd ut om det som har kome og vil kome av statlege krav til lærarar, heldt han fram.

Houge forsvara det med at kven som helst kan koma med anna forsking i løpet av høyringsprosessen om dei ynskjer det.

Engasjerte: 80–90 tokkebuarar møtte opp for å diskutere skulestrukturen i kommunen.

Effektivisering

– Gjer kommunen noko for å spara på andre område enn skule? lurte ein på.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det kunne rådmannen stadfesta at dei gjer, og ein i salen som er tilsett i kommunen fortalde at helsetenester for dei tilsette forsvinn.

– Me driv ein dyr kommune. Det har me hatt råd til ei stund, men no har me ikkje råd til det lengre, konstaterte rådmannen.

Uavhengig av kva som skjer med skulestrukturen vil rådmannen og oppvekstsjefen organisere leiinga annleis. Planen for det vart òg lagt fram på folkemøtet. Om lag halvparten vart att for å vere med på den delen.

Svarar: Finn Arne Askje (t.v.) og Sverre Tveit svarar på spørsmål om innleiingane sine.