Linn Sigrid Bratland (t.v.) og Marie Ridderhus var 2 av 20 smykkedesignarar som fekk vise seg fram på Stortinget førre veke.
Linn Sigrid Bratland (t.v.) og Marie Ridderhus var 2 av 20 smykkedesignarar som fekk vise seg fram på Stortinget førre veke.

Vinbyggjar viste smykkekunst på Stortinget

Då 20 smykkedesignarar skulle vise seg fram på Stortinget førre veke var Linn Sigrid Bratland frå Edland og Marie Ridderhus frå Rauland to av dei heldige designarane.

– Det var stort å få vere med på utstillinga på Stortinget, seier Linn Sigrid Bratland.

Ho fortel at det var Norwegian association of jewellery designers (NAJD) som plukka ut 20 heldige smykkedesignarar frå heile Noreg til utstillinga som blei montert på Stortinget førre veke i samband med ein temadag kring design og handverk.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me skulle vise korleis norsk smykkekunst er i dag – vise breidda. Ekstra morosamt var det at me var to designarar frå Vest-Telemark, både Marie Ridderhus og eg blei plukka ut til å delta. Og totalt var det fem av utstillarane som har bakgrunn frå studie på Rauland, fortel Bratland.

– Ut frå det eg kjenner til har det ikkje blitt vist smykke, eller halde liknande utstillingar på Stortinget tidlegare, seier ho.

Bratland fortel at det var ei lukka utstilling med inviterte gjester.

Linn Sigrid Bratland har designa mange flotte kolleksjonar på verkstaden heime i Edland.
Linn Sigrid Bratland har designa mange flotte kolleksjonar på verkstaden heime i Edland.
Marie Ridderhus held til på Rauland og har smykke som gjerne er inspirert av naturen.
Marie Ridderhus held til på Rauland og har smykke som gjerne er inspirert av naturen.

– Det var ikkje så mange politikarar som besøkte oss, dei var vel mest opptekne med valkampen, men me møtte mange bransjefolk, oppkjøparar og ulik presse. Og det er morosamt å få helse på andre handverkarar frå heile landet også, seier ho.

Til USA

Smykka til Bratland har blitt populære og via forhandlarar rundt om i Noreg får ho vist seg godt fram. Etter ein tur til moteveka i Milano i fjor blei det også knytt kontakt med ein forhandlar der, og nyleg fekk Bratland fleire forhandlarar på blokka – og ein fot inn på den amerikanske marknaden.

Då ho deltok på Oslo design fair kom ein amerikanar som ynskte å ta med smykka hennar til USA.

– Det var veldig moro og det er ein spanande marknad å kome inn på. Når eg fyrst kjem meg ut i verda hadde det vore morosamt å kome seg litt nord i Amerika der ein også har mange norske røter, seier ho og innrømmer at det er spennande når ein kan sjå litt lengre enn berre i Noreg.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Via nettbutikken kan eg nå dit eg vil. Det spelar ingen rolle om eg sender kunden i Tromsø eller utlandet smykka mine. Verda har blitt liten, seier Bratland.

Smykkedesignaren lanserte nyleg ein ny smykkekolleksjon.

– Den nye kolleksjonen er kalla «Fundament» og eg har henta inspirasjon frå tømmerlaft. Smykka er reine og materialistiske – og dei har blitt godt motteke, smiler ho.

Utvidar

Bratland har i fleire år hatt med seg gode hjelparar på verkstaden, som mellom anna Marie Ridderhus som nå har etablert eigen verkstad på Rauland.

– Ho er svært dyktig, og eg såg at eg kom til å miste henne hos meg. Men det er svært gledeleg at ho også får det til i eigen verkstad på Rauland, rosar Bratland.

På verkstaden i Edland har Bratland tilsett Stian Røkenes Christensen på fulltid.

– I tillegg har eg ein student frå Bratislava på arbeidsstipend. Dei er så flinke at dei kan styre skuta sjølv medan eg tar turen til Rauland for å undervise fyrsteårsstudentar i metallavdelinga på høgskulen eller reiser ut på kundebesøk, seier smykkedesignaren.

Artikkelen held fram under annonsen.

Spennande framtid

Bratland har arbeidd med smykke sidan 1998 og fortel at alt starta med at ho berre var interessert i materiale og teknikkar.

– Eg har jobba for at dette skulle bli min eigen arbeidsplass og at det på sikt skulle skape fleire arbeidsplassar. Der er eg nå, men eg må jobbe vidare for å nå nye mål. Eg er glad for at eg har flinke folk med meg til å utvikle verkstad og verksemd vidare. Framtida blir spennande, avsluttar Bratland.