Vinje årets servicekommune
Onsdag vart Vinje kommune utropa som årets norske servicekommune. Prisen inspirerer oss til å bli endå betre på service, seier tenestetorgsjef, Eystein Matheussen.
Det var moderniseringsminister Morten Andreas Meyer som delte ut prisen til årets servicekommune 2005 på servicekonferansen på Gardermoen.
Vinnarkommunen har levert ein solid eigenvurdering som viser at dei jobbar aktivt både med service og servicehaldningar på mange område. Kommunen er open for kritiske tilbakemeldingar, både frå brukarar og media, og har også etablert faste møteplassar med næringslaget, uttala juryen i grunngjevinga.
Artikkelen held fram under annonsen.
Dei la også vekt på at dei opplever at kommunen har ei aktiv haldning til å forbetre seg basert på tilbakemeldingar frå brukarane, at service er ei målsetjing ved den siste organisasjonsendringa kommunen gjorde og ansvar for servicehaldningar er felt ned i leiaravtala med kvar einingsleiar.
Juryen sette pris på at alle sakshandsamarar til ei kvar tid skal vere tilgjengelege på mobil når dei ikkje er på kontoret, at kommunen inkluderer ungdom i ungdomens kommunestyre og at einingsleiarane, ordførar og rådmannsteam er på mediakurs for å ha eit ope forhold til lokalpressa.
Vil bli betre
Tenestetorgsjef i Vinje, Eystein Matheussen, fortel at dei har fått mange tilbakemeldingar etter at prisen vart kjend.
Det haglar inn med gratulasjonar, både frå aust og vest, så eg trur dette er noko som har vekt oppsikt, seier Matheussen.
Han fortel at dei er svært glade for utnemninga, og at ein nå får inspirasjon til å jobbe vidare.
Å drive service er noko ein må utvikle heile tida. Me vil absolutt halde fram og leggje oss i selen for å bli endå betre, seier han.
Prisen besto av ein gåveskjekk på 50.000 kroner og ein diplom, men kommunen har ikkje bestemt kva dei skal bruke pengane til.
Dei vil nok gå til vidareutvikling av tenestetorget, fortel ein glad sjef.
Artikkelen held fram under annonsen.
Tredje gong
Servicekonferansen samla i år 340 deltakarar; i hovudsak leiarar og medarbeidarar på offentlege og kommunale servicekontor. Framfor utdelinga stod det mellom dei tri kommunane Stord, Asker og Vinje.
FOSK, Forum for Offentlige Servicekontor, arrangerer konferansen og det er dei som har etablerte prisen, som i år vart delt ut for tredje gong.