Vinje-erklæringa
Seminaret på Vinjar har ført til at dispensasjonssøknadar blir både enklare og raskare handsama, skal me tru Riksantikvaren som fredag sende ut eit rundskriv der målet er leggje til rette for ein betre eigar- og brukarorientert praksis. Av rundskrivet, som av stolte seminararangørar blei døypt Vinjeerklæringa, går det fram at det ved handsaming av søknadar skal leggjast vekt på at den eksisterande bruken skal kunne vidareførast.
– Ein freda bygning oppnår best vern når han er i bruk, blir det slege fast.
Artikkelen held fram under annonsen.
Mellom anna skal det no bli lov å fornye bad og kjøken som er bygt etter fredinga, utan å måtte søkje om løyve. Vidare skal eigar kunne utføre vanleg vedlikehald, som reparasjon av veggar, tak og vindauge, av freda byggverk utan dispensasjon frå fredinga.
Av skrivet går det også fram at dispensasjonssøknadar skal handsamast innan tre veker.