Kommunalsjef Sissel J. Bitustøyl i Vinje kommune seier at formannskapet har bede om at administrasjonen greier ut eit medisinsk senter i Åmot.
Kommunalsjef Sissel J. Bitustøyl i Vinje kommune seier at formannskapet har bede om at administrasjonen greier ut eit medisinsk senter i Åmot.

Vinje greier ut medisinsk senter i Åmot

Vinje kommune greier no ut om dei skal etablere eit medisinsk senter i Åmot. Det er formannskapet som har bede om å få vite kor mykje pengar kommunen kan spare ved å sentralisere legetenesta.

Kommunalsjef Sissel J. Bitustøyl stadfestar at administrasjonen har til vurdering korleis legetenesta i Vinje skal vere organisert i framtida. I dag er det legekontor tri stader – Åmot, Rauland og Edland.

– Nedlegging av legekontora på Rauland og Edland er ikkje noko tema no. Det me gjer er etter oppdrag frå formannskapet å sjå på om innbyggjarane kan få eit betre samla legetilbod ved å etablere eit medisinsk senter i Åmot, fortel ho.

Artikkelen held fram under annonsen.

I omgrepet medisinsk senter tenkjer ein seg mellom anna bruk av telemedisin. Det vil seie røntgen og anna diagnostisk utstyr som gjer det mogleg for spesialistar på sjukehusa å stille diagnose sjølv om pasienten ikkje fysisk er på sjukehuset.

I fylgje kommunalsjefen krev tilbod om telemedisin investeringar for kommunen. Ho seier at utviklinga innan telemedisin er veldig spennande, og kan gje endå betre medisinsk service i utkantkommunar der det er lang veg å køyre til sjukehuset.

Ser mot 2007

– Er utgreiinga om eit medisinsk senter i Åmot eit ledd i arbeidet med budsjettet for 2006?

– Nei, dette er ikkje inne i budsjettarbeidet for neste år. Det er mot 2007 me eventuelt siktar. Då ser me for oss at Vinje kommune møter strammare økonomiske tider. Difor ynskjer formannskapet gode gjennomtenkte løysingar om det blir turvande med nedbemanning og omorganisering av legetenesta i kommunen, seier Sissel J. Bitustøyl.

Vinje kommune har 3.750 innbyggjarar, og 4,8 legeheimlar. Det er i underkant av 800 pasientar i gjennomsnitt på lista til kvar lege, og såleis langt mindre enn det som er vanleg i byar og større tettstader.

Kan spare to millionar

– Veit de kor mange kommunale kroner som kan sparast på å sentralisere legetenesta til Åmot?

– Kommunen vil nok spare eit par millionar kroner årleg på å leggje ned det desentraliserte legetilbodet. Men ein ting er pengar. Det menneskelege ved å gå til sentralisering i Åmot er noko anna, meiner kommunalsjef Sissel J. Bitustøyl.