Ordførar Arne Vinje (t.v.) og rådmann Hans Kristian Lehmann i Vinje styrer den største kommunale pengesekken i Vest-Telemark på grunn av høge kraftinntekter.
Ordførar Arne Vinje (t.v.) og rådmann Hans Kristian Lehmann i Vinje styrer den største kommunale pengesekken i Vest-Telemark på grunn av høge kraftinntekter.

Vinje har den mest velfylte pengesekken

Vinje er den «rike onkelen» blant kommunane i Telemark. I 2008 enda netto driftsresultat på vel 31,9 millionar kroner. Resultatet utgjer 9,2 prosent av inntektene. I fylkessamanheng greier alle kommunane i Vest-Telemark seg godt, medan den økonomiske situasjonen i Grenlands-kommunane er urovekkande.

Det er Telemarksforsking i Bø som har kikka nærare på korleis kommuneøkonomien har utvikla seg i perioden frå 2004 til 2008.

Forskar Audun Thorstensen seier at Vinje kommune skil seg klart ut som den mest velståande i Vest-Telemark. Særleg frå 2006 har driftsresultatet uttrykt i prosent av inntektene vore på eit høgt nivå. Men i heile femårsperioden er rekneskapen gjort opp med solide overskot.

Artikkelen held fram under annonsen.

Også Fyresdal, Kviteseid, Nissedal og Tokke har samla sett tilfredsstillande resultat. Alle kommunane har i gjennomsnitt eit netto driftsresultat på over 3 prosent som er rekna som minimum for sunn økonomi.

Seljord kommune ligg også på plussida sidan 2004 med eit gjennomsnitt driftsresultat på 2,2 prosent av inntektene. Det tyder at Seljord er den av Vest-Telemark-kommunane med desidert stramast økonomi.

Audun Thorstensen forklarer at netto driftsresultat er hovudindikatoren for økonomisk balanse i kommunane, og syner driftsoverskotet etter at renter og avdrag er betalt. Netto driftsresultat er dermed eit uttrykk for kva kommunane sit att med til avsetningar og nye investeringar.

3 prosent er nullresultat

– Ein «tommelfingerregel» seier at dette årsresultatet (i prosent av samla inntekter) bør liggje på minimum 3 prosent. Utrekningar viser at eit netto driftsresultat på om lag 3 prosent svarar til eit nullresultat i privat verksemd. Er resultat lågare enn 3 prosent, vil det innebere at verdiane vert forringa, fortel forskaren.

Han peiker elles på at eit positivt netto driftsresultat på over 3 prosent fungerer som ein «buffer» mot uføresette auka utgifter eller reduserte inntekter.

Sjølv om dei 18 kommunane i Telemark samla i 2008 hadde den svakaste økonomiske utviklinga av alle fylka frå 2007 til 2008, er det ifylgje Thorstensen ingen kommunar i Vest-Telemark som står i fare for å hamne på svartelista til Fylkesmannen.

I 2008 auka talet på kommunar med underskot frå 3 til 10 i Telemark. Nissedal og Fyresdal er blant dei som fekk raude tal på botnlina i kommunerekneskapen i fjor med høvesvis 640.000 kroner og 3.129.00 kroner i underskot.

Ekstraordinært i Fyresdal

– Kva skuldast den økonomiske forverringa i Fyresdal, rådmann Ketil O. Kiland?

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er fire ekstraordinære årsaker til fjorårets underskot. Kommunen kjøpte hotellet til seks millionar og hadde i tillegg driftsutgifter knytt til denne eigedomen. Me gjekk inn med to millionar kroner til Foldsæ og har i tillegg brukt mykje pengar på å få reetablert Telemarkskyri Meieri. Sjølve den daglege drifta av kommunen er grei, fortel Ketil O. Kiland.

Netto driftsresultat i kroner i 2008 vart fylgjande for kommunane i Vest-Telemark: Vinje 31.969.000 kroner, Kviteseid 13.967.000 kroner, Tokke 6.525.000 kroner, Seljord 1.991.000 kroner, Nissedal -640.000 kroner og Fyresdal -3.129.000 kroner.