Vinje slo Drangedal
Vinje er på veg oppover på 5. divisjonstabellen etter at dei torsdag vann bortekampen mot Drangedal.
Etter fem strake tap kom den fyrste sigeren i heimekampen mot Heddal for ei veke sidan. Torsdag kom sesongens andre siger då Vinje vann ein jamn kamp 2-1 borte mot Drangedal. Adis Smajic gav vinbyggjane leiinga tidleg i 1. omgang, men Drangedal utlikna kort tid etter. Etter halvspelt 2. omgang blei kaptein Lars Kili matchvinnar etter eit godt Vinje-angrep.
– Dette var ein typisk breiddefotballkamp med mykje jobbing. Ein slitekamp som gutane takla godt, seier trenar Øyvind Kili etter kampen.
Artikkelen held fram under annonsen.
Vinje, som for ei veke sidan var sist, er no på 8. plass etter 6 poeng på sesongens 7 fyrste kampar. Neste laurdag er serieleiar Storm motstandar i Åmot. Skienslaget har seks strake sigrar i 5. divisjon.