Månadens bilete i National Geographic viser fram Telemarkskanalen til heile Norden.
Månadens bilete i National Geographic viser fram Telemarkskanalen til heile Norden.

Viser fram vestfylket i Norden

Harald Naper frå Vinje har tatt månadens bilete i magasinet National Geographic. Det flotte biletet er god gratisreklame for Telemarkskanalen.

Harald Naper har i mange år vore interessert i fotografering, og då han blei pensjonist i fjor fekk han omsider tid til å ta opp att hobbyen for alvor. Det er i naturen Harald finn favorittmotiva sine. Månadens bilete i National Geographic er då sjølvsagt eit naturbilete, tatt i Kviteseid for nokre år sidan.

– Det er klart det er svært å få slike påskjønningar for det ein gjer. Dessutan får no heile Norden sjå kor flott Telemarkskanalen er. Det er gratisreklame for kanalen som sikkert er verdt nokre hundre tusen kroner, seier fotografen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Blir avhengig

Han fekk for alvor augo opp for fotografering i 1992, då Telemarkskanalen hadde hundreårjubileum og det blei utlyst ein konkurranse i samband med dette. Den vann han, og då var det i gang, fortel Harald.

– Det passar veldig godt å vere pensjonist når ein driv med dette. Det er tidkrevjande å vere naturfotograf. Det er moro å fotografere fuglar, men då må ein ha god tid. Dessutan brukar eg mykje tid på nettet, seier han.

Der finst det nemleg nok av forum ein kan få både inspirasjon og tilbakemeldingar frå.

– Desse sidene er mest som Facebook, ein kommuniserer med andre og legg ut bilete andre kan gje tilbakemeldingar på. Om eg har vore litt for ivrig med bildebehandlingsverktøyet, får eg fort høyre det. Men ein får òg mykje positive tilbakemeldingar. Ein blir nesten litt avhengig av responsen, smiler Harald.

Driv med litt av kvart

Harald kjem frå ei kunstnarisk slekt. Både faren og broren er målarar, og Harald prøva seg litt på dette før han fann ut at han likte betre å fange bilete med linsa i staden for å måle dei sjølv.

Men han driv ikkje berre med fotokunst. Han har drive med både trearbeid og smykkekunst. Sylvarbeidet held han framleis på med. I huset har han og kona jamvel skaffa seg eit lite bakeri med steinomn. Det manglar altså ikkje ting å ta seg til sjølv om Harald no er pensjonert.

– Men den steinomnen er ikkje så mykje i bruk då, seier Harald med eit smil.

Naturen er favoritten

Det er altså fotointeressa som tek mest av tida hans. Han er aktiv i Dalen fotoklubb, og der etterlyser han interesse frå yngre folk.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me vil gjerne rekruttere fleire til klubben, og særleg yngre krefter. Me har flotte lokale i Skafså, og der har me plass til fleire når me møtast ein gong i månaden, seier han.

Kvar månad kårar dei månadens foto i klubben, og om ein har fylgd med på baksidebilda i VTB har ein fått med seg at Naper er ein gjengangar i den kåringa. I fjor sommar hadde Dagbladet ein serie med vekas foto, og då slo Harald til med heile tri sigrar.

– Då sat eg der plutseleg med tri nye Sony digitalkamera i premiar, seier Harald og ler.

Om kva som er favorittmotivet, seier Harald at det må vere noko i naturen. Nesten kva som helst i naturen.

– Det eg ikkje likar, er slike oppstilte journalistbilde, seier Harald, før han må stille seg opp for å bli teken bilde av.