Museumsdirektør Dag Rorgemoen orienterer produksjonssjef Lene Jonassen Verpe (t.v.) ved Statkraft på Dalen og Turid Strand frå Statkrafts hovudkontor i Oslo om Vest-Telemark Museums utstilling om Tokke-utbygginga.
Museumsdirektør Dag Rorgemoen orienterer produksjonssjef Lene Jonassen Verpe (t.v.) ved Statkraft på Dalen og Turid Strand frå Statkrafts hovudkontor i Oslo om Vest-Telemark Museums utstilling om Tokke-utbygginga.

Visningssenter i støypeskeia

Statkraft har byrja planlegginga av visningssenteret dei vil lokalisere til Vest-Telemark Museum (VTM) i Eidsborg. Det vert fyrste gong Statkraft etablerer visningssenter som ikkje ligg i eige bygg.

Utgangspunktet for visningssenteret på museet i Eidsborg er utstillinga om Tokkeutbygginga som vart opna i høve 50-årsjubileet i 2006. Den gigantiske kraftutbygginga i Vinje og Tokke tok på mange vis Vest-Telemark inn i den moderne velferdsutviklinga.

Turid Strand jobbar med profilering i Statkrafts sentrale kommunikasjonsavdeling i Oslo. Saman med produksjonssjef Lene Jonassen Verpe ved Statkraft region Aust-Noreg på Dalen, fekk ho nyleg orientering av museumsdirektør Dag Rorgemoen kring noverande vasskraftutstilling.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Då me opna utstillinga om Tokkeutbygginga i 2006 vart det sagt at ho skal stå i ti år. Såleis er dette ei mellombels utstilling, og det er gledeleg at Statkraft vil modernisere og ajourføre utstillinga når me vonleg opnar det nye museumsbygget i 2011, seier Rorgemoen.

I dei siste åra har Statkraft satsa mykje på å presentere eiga verksemd, vasskraftutbygging og etter kvart også andre energikjelder som til dømes vindkraft. Kraftgiganten er i ferd med å verte større utanfor landets grenser enn i Noreg.

Fyrste visningssenter i Noreg

Difor er dei to fyrste visningssentra etablert i Wales og i Laholm i Sør-Sverige. Det har vore hard dragkamp om lokaliseringa av det fyrste visningssenteret i Noreg. Når valet falt på Vest-Telemark og museet i Eidsborg forklarer Verpe det med at regionen er eit levande døme på korleis velstanden kom med kraftutbygginga. I tillegg ynskjer Statkraft at dei som kjem til visningssenteret også skal få høve til å sjå eit verkeleg kraftverk i drift. Ein vil leggje til rette for at det store kraftverket på Dalen kan ta imot vitjande til omvising.

– Det ligg nemleg i konseptet vårt at folk skal få sjå eit moderne kraftverk. Tidspunktet er godt for det samarbeidet me etablerer med Vest-Telemark Museum, meiner Verpe.

Dag Rorgemoen nemner at Statkraft og den samfunnsrolla vasskrafta har, vil verte meir synleg når visningssenteret etablerer seg på museet i Eidsborg.

Historie og framtid

Turid Strand ser det som ei spennande oppgåve å lage eit visningssenter som er lokalisert på ein stad der den historiske delen av kraftsoga har stor vektlegging. Samstundes skal visningssenteret vere ein sentral plass for samtidsdokumentasjon.

– I dag er det meir og meir fokus på rein energi. I vår region er Statkraft synonymt med vasskraft. Framtida kjem også til å hente energi frå vindmøller både til lands og ute i havet. Dessutan vert det no gjort forsøk med kraft utvinna av saltvatn, fortel Verpe.

Visningssenteret vil også presentere forskinga Statkraft driv for å finne fram til kommersialisering av alternative energikjelder til vasskrafta.