Thor Inge Levang (Sp, t.v.)sa kontant nei til planen om interkommunalt samarbeid, forslag som rådmann Ketil O. Kiland og ordførar Erik Skjervagen kom med til Fyresdal.
Thor Inge Levang (Sp, t.v.)sa kontant nei til planen om interkommunalt samarbeid, forslag som rådmann Ketil O. Kiland og ordførar Erik Skjervagen kom med til Fyresdal.

Vraka alle samarbeidsforslag

Forslaga om interkommunale samarbeid mellom Nissedal, Kviteseid og Fyresdal fall ikkje i god jord hos fyresdølane.

Rådmennene og ordførarane i Nissedal, Kviteseid og Fyresdal kom nyleg med forslag om felles plankontor på kommunehuset i Treungen, felles landbrukskontor i Kviteseid og felles kontor for rekneskap, skatt og løn i Fyresdal.

Etter det VTB er kjent med blei det eit skikkeleg rabalder på kommunehuset i Fyresdal etter at tilsette hadde fått høyre om forslaget. Også politikarane reagerte negativt på samarbeidstanken, og derfor blei det ei ekstra sak utan utgreiing på kommunestyremøtet sist torsdag.

Artikkelen held fram under annonsen.

Sa det var greitt

Fyresdalordførar Erik Skjervagen (Ap) opna saka med å orientere frå fellesmøtet med dei tre kommunane. Kviteseid har i fleire år hatt interkommunalt landbrukskontor saman med Nissedal, medan sistnemnde har tatt seg av eit felles plankontor.

– Då me kom i møtet med dei andre rådmennene og ordførarane var det rimeleg vanskeleg å flytte på nokon av desse kontora – det nekta dei. Då var det ikkje mange moglegheiter for oss. Viss me skulle framforhandle avtale og få arbeidsplassar i Fyresdal var det igjen løn, økonomi, skatt og rekneskap. Det var den beste avtala me kunne få, og derfor sa me det var greitt, sa ordføraren

Han la til at det som sjølvsagt er problemet med avtala er at publikumstenesta innan landbruk og plan blir flytta bort frå kommunen.

Både Ap- og Sp-gruppa har drøfta forslaga om interkommunalt samarbeid.

– Det har ikkje fått noko særleg tilslutning, for å seie det forsiktig, sa ordføraren, og både han og andre i salen måtte trekkje på smilebandet.

Ordføraren spurde om ein skal vente med saka til det kjem ei utgreiing til kommunestyret om samarbeidsforslaga, eller skulle ein like godt avblåse saka nå.

Svekka

Skjervagen las opp eit framlegg frå Ap, som han trudde Sp var einig i: «Ein ynskjer ikkje å gå vidare med planar om interkommunalt samarbeid med Nissedal og Kviteseid basert på framforhandla avtale. Grunngjevinga er at publikumsretta tenester blir flytta vekk frå der folk bur, og at det sterke fagmiljøet ein er i ferd med å byggje opp i næringshagen vil bli svekka».

– Då vil eg foreslå at me avsluttar dette før me får begynt, sa ordføraren, før han gav ordet til Tone Irgens Veum (Sp).

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg får seie som eg har sagt mange gonger at eg er prinsipielt ueinig i at ei sak blir tatt opp på denne måten. Ein har ikkje fått førebudd seg, og det var ikkje tid til grundig diskusjon i gruppemøtet. Eg ser poenget med å ikkje bruke mykje arbeid på noko som dei fleste ikkje synest er ynskjeleg, men det er ikkje heilt greitt å bare avslå før ein har sett seg inn i saka, sa Veum, og spurde om det blir att noko interkommunalt samarbeid om Fyresdal seier nei til forslaga.

– Det ser ganske dårleg ut, svara ordføraren, og la til at det kan bli noko innan rus og psykiatri i framtida.

Rådmann Ketil O. Kiland fylgde opp med å seie noko han synest er interessant: Sjå på eit samarbeid mellom Vest-Telemark og Midt-Telemark innan innkjøp – få til betre innkjøpsordningar lokalt.

Thor Inge Levang (Sp) ville gjerne vere ferdig med samarbeidsforslaga der og då.

– Eg synest det er veldig lett å ta denne saka på sparket. Eg foreslår at me kvelar dette ved fødselen, sa Levang.

Så kunne ordføraren klubbe eit samrøystes nei til dei interkommunale forslaga, og han avslutta med desse orda:

– Då blir dette samarbeidet gravlagt.