VTB har «mista» 39 lesarar
Vest-Telemark blad har no eit opplag på 5268. Det er 39 færre enn for eit år sidan, men lokalavisa er framleis den tredje største avisa i fylket.
Sju av dei ti lokalavisene i fylket kan no vise til fleire høgare opplag enn for eitt år sidan. Båe fylkesavisene kan vise til framgang. TA går fram med 927 til 18 787, medan konkurrenten Varden går fram med 235 og har no eit godkjent opplag på 18 678.
Vest-Telemark blad har eit godkjent opplag på 5268. I fjor var talet 5307.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Me hadde sjølvsagt ynskt å sjå plusstalet frå i fjor til i år, men opplagstalet er i alle fall stabilt. VTB er framleis, med god margin, den tredje største avisa i fylket etter TA og Varden, seier Øystein Øygarden, redaktør i VTB.
– I ei tid der annonseinntektene har gått ned over fleire år er det heilt avgjerande å lage eit innhald som folk vil betale for, legg han til.
Bø blad, Drangedalsposten og Kanalen er dei einaste i fylket som kan vise til oppgang på papir. For dei andre opplagsvinnarane er det det digitale som er nykelen til framgangen.
Øygarden seier Vest-Telemark blad i år vil investere meir i det digitale. Lokalavisa blir i løpet av året ein partnar i Agderposten Medier.
– Papiravisa vil framleis vera fundamentet. Men me ser at me må utvikle oss digitalt. Derfor investerer me no i det. Målet er at papir og nett skal utfylle kvarandre, seier redaktøren.
VTB er blant vel 100 aviser som er med i Landslaget for lokalaviser (LLA). Samla gjekk LLA-avisene ned med 0,23 prosent. Over tid har opplaget til lokalavisene vore stabilt.
– Lokalavisene tar samfunnsansvar og er lim og lupe i lokalsamfunnet. Avisene våre byggjer lokal identitet og engasjement i nærmiljøet. Fleire lokalaviser satsar nå på ein kombinasjon av nett og papir, og det gler oss at lesarane set pris på å få innhaldet på ulike plattformer. Me ser også at ei reindyrka nettavis som Alvdal midt i væla/Tynsettingen veks med 340 nye betalande abonnentar. Det er eit eksempel på at folk gjerne betalar for god og truverdig journalistikk. I tillegg er lokalavisene ein effektiv marknadsplass for lokale og nasjonale annonsørar, seier Rune Hetland, generalsekretær i LLA.